Ivaretaking av gamle ferdselsårar

Kurset er meint for deg som er engasjert i ivaretaking av stiar og kulturlandskapet som i Aurlandsdalen. Tema på kurset vil vere vedlikehald av gamle stikkrenner, steinlagde myrområde, tørrmurar og trinn.
KURSINFORMASJON:
Kursinstruktør: Berit Bruvik, frå Berit Bruvik Tørrmuring.
Tid: 14.-16.august 2020
Fredag: Teorikveld (stad bestemt nærar) frå 18.00-21.00
Laurdag: Feltarbeid i Aurlandsdalen/Vassbygdi frå 9.00-16.30
Søndag: Feltarbeid i Aurlandsdalen/Vassbygdi frå 9.00-16.30
Pris: 300,-
Servering: Enkel lunsj og kaffemat er inkludert i kurskontingenten.
Ta med: Personleg verneutstyr som hørselsvern, augevern og hanskar, arbeidsklede og gode sko, steinverktøy som steinhammar meislar, sleggje, spedt, spade, krafse osv., drikke og turmiks.
Påmelding til: snaedis@naroyfjorden.no innan 7.august.
OBS:
Det er opent for påmelding til berre theorikveld.
NVP og Venner av Aurlandsdalen arransjerar dugnadsveka 17.-23. august, meir informasjon på https://www.facebook.com/events/687916252053689/

Arrangør: NÆRØYFJORDEN VERDSARVPARK OG VENNER AV AURLANDSDALEN
: Aurlandsdalen
Tid: fredag 14. august 18:00
Annet