Songstund i Vangen kyrkje

Har du lyst til å vere med på sangstund i Vangen kyrkje? 20. mars, 03. april og 24. april, alle dagar kl. 17.30, vert det sangstund der organist Stanislav Leontev og spelar piano og orgel og Anders Aasen spelar gitar, og so vert det songar ut frå kva oppmøtte personar ynskjer. Kom gjerne med ynskje på førehand slik at Stanislav og Anders kan førebu seg, og om nokon fleire vil spele instrument, so er det berre kjekt. I tillegg vil me prøve å øve litt på eit par salmar frå den nye salmeboka. Nokre medlemmar frå Aurland songlag vert med kvar gong.
Det vert ein avsluttande konsert i Vangen kyrkje 08. mai kl 18.00 der Aurland Songlag framfører nokre songar, Stanislav spelar nokre musikkstykkje og masse allsong.
Vel møtt til ei triveleg sangstund!

Arrangør: Kyrkja i Aurland
: Vangen kyrkje
Tid: onsdag 24. april 17:30