Sakshandsamingsreglane i kulturminnelova §22 lyder at forslag om freding skal leggast ut til offentleg ettersyn hjå kommunen. Aurland kommune vil derfor på vegne av fylkeskommunen, legge ut følgjande dokument på heimesidene:

Dokumenta Høyring – Freding av Otternes Del 1 og Høyring – Freding av Otternes Del 1B vert lagt ut i papir format på Rådhuset og på Biblioteket. Det er mogeleg å få lesa desse dokumenta på staden. For å få delane 1 og 1B i papirformat, som kan takast med heim, er det mogeleg å kontakta Arlen Synnøve Bidne ved Vestland fylkeskommune.

Frist for å kome med merknadar til forslag om freding er 16. januar 2023.

Eventuelle merknadar til forslag om freding skal sendast til:

Vestland fylkeskommune
Postboks 7900
5020 Bergen

Merknadar kan også sendast på e-post til: post@vlfk.no

Dersom det er spørsmål til forslag om freding kan ein ta kontakt med Vestland fylkeskommune v/Arlen Synnøve Bidne, tlf. 415 30 934 eller på e-post arlen.synnove.bidne@vlfk.no

Sjå også Vestland fylkeskommune sin nettstad under Høyring: Forslag til freding av Åtnes/Otternes i Aurland kommune.