ÅLA (V)

Etter at Lærdalstunnelen opna, vart dei fire sognekommunane sør for Sognefjorden i 2001 samde om å utvikla fellesløysingar innanfor eit felles bu-, opplevings- og arbeidsområde.

Samarbeidet byggjer i hovudsak på Vertskommunemodellen. Samarbeidet kan gjelda mellom to, tre eller alle fire kommunane.

Det er no samarbeid innan:

  • IKT
  • Sak/arkiv
  • Landbrukskontor
  • Skatteoppkrevjar
  • Løn og faktura
  • Rekneskap
  • HMS
  • Legevakt

 

Avtalar ved Rådhuset

Vi vil oppmode alle om å bestille timeavtale med sakshandsamar før ein kjem innom Rådhuset. Då får sakshandsamaren betre tid til å bu seg for samtalen noko som sikrar rask og kvalitetssikra assistanse. Ein slepp òg å måtte reise heim med uforretta sak dersom ein sakshandsamar ikkje er tilgjengeleg.