Det generelle bålforbodet trer i kraft 15.april og varar til 15. september. Forbodet går ut på at du som hovudregel ikkje har lov til å brenna bål av noko slag i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Les meir om bålforbodet på Direkoratet for samfunnstryggleik og beredskap sine nettsider.

Sjølv om det ikkje er skogbrannfare no er det mykje tørt gras og undervegetasjon som brenn lett. 

Uansett om ein tenner bål på plassar eller til tider det er lov, gjeld aktsemdsplikta, og ein må mellom anna spørja seg:

  • Har eg moglegheit og utstyr til å sløkkja?
  • Korleis er vindretninga?
  • Sjenerer eg nokon når eg brenn bål?

Aurland Brannvern ønskjer alle ein god og brannsikker vår!