Grunngjeving:

Vener av kyrkjegarden i Aurdalen:
Vener av kyrkjegarden i Aurdalen har i mange år jobba med den historiske og kulturelle kyrkjegarden som ligg på Østerbø. I gruppa sit Turid Birgit Lien som leiar. Dei andre er Berit Johnsen, Petter Skuggedal, Sigrid Sønnerheim Tønnessen, Gerd Rabbestøl, Inge Olai Sønnerheim og Gjertrud Gauteplass.
Aurdalen fekk tidleg sin eigen kyrkjegard. Han vart vigsla i 1858, men då var han alt teken i bruk. Fjellgardane Østerbø, Viki og Nesbø i Aurlandsdalen fekk eigen kyrkjegard i 1858, men nye undersøkingar frå lokalhistorikar Svein Indrelid viser at kyrkjegarden var teken i bruk allereie frå 1846. Den siste vart gravlagd i 1911. Kulturminnet vert ivareteke av interessegruppa Vener av Kyrkjegarden i Aurdalen.
På kyrkjegarden i Aurdalen vart det gravlagt folk både frå Aurland og Hol. Privatpersonar og Aurland Herad tok initiativet til å få reist ein minnestein med namnetavle på kyrkjegarden. Dette vart gjort i 1953 med støtte frå dei to kommunane. Minnesteinen vart avduka søndag 26. juli i 1953. Det var møtt fram folk både frå Hol og Aurland.
Den fantastiske flotte perla er av stor historisk verdi og fortel historia om Aurland frå tidlegare tider. Før vegar og kraftutbygging, var Aurdalen mykje isolert på vinterstid. Det budde mange folk i dalen og kyrkjegarden vart deira siste kvilestad. Det var vanskeleg å få avlidne frakta ned til fjorden på vinteren.
Murane rundt kyrkjegarden har over tid dotte ned, og interessegruppa har i fleire år freista å få i gong arbeidet med å retta opp att murane. 
Det har på eige initiativ vorte sett ned ei gruppe som har jobba med å få midlar til restaurering av kyrkjegarden. Vener av kyrkjegarden har jobba seint og tidleg for å skaffe pengar til føretaket. Omsider har dei lukkast, og midlane til prosjektet vart sikra med god støtte frå bank, kommune og kulturminnefondet. Arbeidet vart ferdig stilt i juni.  Turid Birgit Lien, leiar i gruppa, uttrykkjer stor glede over gåva. Vener av Kyrkjegarden i Aurdalen har aldri gitt opp håpet om å få midlar til restaureringa. Dei har stått på med planlegging og synfaringar.
Slik har dei gjort eit solid og framtidsretta historisk arbeid for å få denne flotte gravstaden attende til slik han eingong var.

Malvin Østerbø Midje:
Malvin Østerbø Midje har i mange år rydda stiar og bygd bruer for at folk skal kunne ferdast i naturen. Alltid blid og smilande, hjelpsam og i imøtekommande har han teke fatt på dei mange attgrodde ferdselsårane med liv og lyst. Ryddinga starta i Høydalen og i Bell etter at han flytta til Høydalen i 2010. Det er mange stiar i dette området. På turane hadde Malvin med seg ryddesaks. To bruer er bygd; ei nede i Høydalen og ei oppe ved Bell. Brua over Belsgrovi er bygd i samarbeid med fleire. Malvin har hytte i Osabrekka ved Østerbø. I dette området har han oppdaga fleire attgrodde stiar. Han har brukt mange timar på stien opp til stølen Kringledalen, som ligg rett over for Nesbø. Stølsvegen var attgrodd, men etter rydding i nokre sesongar er stien flott og tilgjengeleg. Utsiktspunktet med utsyn over heile området Nesbø, Viki og Østerbø er òg rydda.

Om lag halvvegs til Kringla har han rydda fram murar frå eit gamalt sel, og eit viktig kulturminne kjem fram att i dagen. Stadig nye prosjekt kjem til. Han har sett i gong rydding av den gamle kløvjavegen fram Aurlandsdalen som gjekk om Tindi, om lag 1000 moh. Vegen gjekk der før Nesbøgalden vart bygd. Tindi ligg rett over Nesbø, og vegen går mest på høgre sida av Gravadalen. Mange attgrodde stiar er no vortne farbare til glede og nytte for både bygdafolk og turistar. Ikkje berre vert dei rydda fram att i dagen, men dei vert haldne vedlike heile tursesongen. I tillegg vert stiane merka, noko som er kjempeviktig for alle som ferdast ute i naturen. Han deltek òg på dugnader rundt om som t.d. kyrkjegarden i Aurdalen, stirydding i regi av Aurland Turlag og andre lag. Dette arbeidet er særs verdifullt for alle som nyttar naturen. Ikkje minst så legg han ned ein stor gevinst for folkehelsa og trivselen med at alle kan ta seg fram på gode, merka løyper. Håpar at Malvin vil halda fram dette positive arbeidet som er til stor glede for så mange i Aurland.

Aurland kommune er stolte over å kunne heidre innsatsen til Vener av kyrkjegarden i Aurdalen og Malvin Østerbø Midje med Aurlandsprisen for 2022.