Byggesakshandsamaren blir organisert i stabsavdelinga forvaltning og utvikling. Avdelinga har ansvar for mellom anna plansakshandsaming, byggesakshandsaming, næringsutvikling og eigarskapsoppfølging. Avdelinga er under same leiing som avdelinga støtte og digitalisering. I tillegg har avdelinga forvaltning og utvikling tett samarbeid og faste møter med teknisk etat. Aurland kommunen legg vekt på at det skal vere moglegheit til å vere del av eit større fagmiljø og har difor nyleg vore i forhandlingar med Voss kommune om moglegheita til å arbeide saman deler av arbeidsveka (hybridkontor). Aurland kommune er knytt til IKT Nordhordland og har mange nye og effektive digitale system. Mange spennande digitale løysingar er på gang i lys av samarbeidet. Det gjeld både digitale fagsystem, digitale kommunikasjonssystem og fagnettverk på tvers av kommunane.

 

Arbeidsoppgåver

- Byggesakshandsaming

- Råd og rettleiing

- Handsame og følje opp ulovlegheiter og tilsyn

- Matrikkelføring

-Eventuelt anna sakshandsaming eller andre utviklingsoppgåver for kommunen - Andre oppgåver kan tilpassast etter avdelinga sitt behov

-Eventuelle prosjekt

 

I Aurland kommune er det høg byggeaktivitet. Som byggesakshandsamar i Aurland kommune får du garantert faglege utfordringar. Vi er i gang med rullering av kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel. Vi ynskjer at byggesakshandsamar skal delta aktivt i relevante planarbeid.

 

Kvalifikasjonar

-Relevant universitets-/høgskuleutdanning - gjerne innan eigedomsfag, byggfag, areal og eigedom, geografi eller juss.

-Erfaring med byggesakshandsaming er ein fordel

-God kjennskap til offentleg sakshandsaming. Plan og bygningslova og forvaltningslova er særleg relevante.

-Personlege eigenskapar vert vektlagt.

 

Me ynskjer oss ein medarbeidar med kompetanse og interesse for kommunal forvaltning, byggesak, og som er samfunnsengasjert. Evne til å arbeide sjølvstendig og evne til samarbeid er viktige eigenskapar. Du må ha ein positiv veremåte, vere løysingsorientert og kunne jobbe strukturert og forhalda deg til tidsfristar.

Byggesakshandsamar har mykje kontakt med andre offentlege instansar, private verksemder og publikum. Den som blir tilsett må kunne kommunisere på ein god og tydeleg måte både skriftleg og munnleg.
Aurland kommune praktiserer prøvetid på 6 månader.

Aurland kommune nyttar nynorsk som skriftspråk.

 

Me tilbyr

- Eit triveleg arbeidsmiljø

- Faglege utfordringar

- Lønn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande tariffavtale for kommunal sektor.

- Fleksibel arbeidstid

- Moglegheita for fleksibel arbeidsstad

- Naudsynt opplæring og kursing

- Hjelp til å skaffe jobb til eventuell partner ved flytting til Aurland

- Hjelp til å skaffe bustad

- Gratis inngang til treningsrom og symjehall

- Offentleg tenestepensjonsordning

- E-kurs i matrikkelføring

- E-kurs i forvaltningslova

 

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

 

Generelt om søknadsprossen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Søknadsfrist    01.05.2022                                 Utlyst dato        08.04.2022                           Vårref                  822

Kontaktperson

Steinar Søgaard, mobil: rådmann, 95984633, steinar.sogaard@aurland.kommune.no

Beathe-Christin Ekhall Stentvedt, Leiar støtte og digitalisering, mobil: 91111406, beathe.stentvedt@aurland.kommune.no