Det vil pågå sprengningsarbeid i perioden 4. april – 1. desember 2022. Sprenginga vil bli varsla med sirene. Kontaktperson: John Jordalen, tlf 95172588.

21 mars vart det gjennomført informasjonsmøte med naboar og gjenburarar i området for å informere om arbeidet. Sjå referat frå møte her.

Det vert lagt til rette for 11 bustadomter i feltet. Det vart gjeve løyve til frådeling av 8 av tomtene 22.02.2022  og dei siste tre vert søkt om frådelt i desse dagar.  Tomtene vil bli lyst ut i løpet av sommaren når tomtene er målt opp og tinglyste. Det er først når tomtene er utlyste at ein kan melde sin interesse på tomtene. Tildeling vil skje gjennom loddtrekning. 

Dei første tomtene nord i feltet vil bli byggjeklare frå september 2022.  Dei resterande tomtene vil bli klargjorde fortløpande fram til 1 desember. I dette ligg det att kjøparane av tomtene kan realisere bustadprosjekta etterkvart som kvar enkelt tomt står klar. 

Les retningslinjene for tildeling av kommunale bustadtomter som kommunestyret har vedteke her. For meir informasjon om tildeling av tomter ta kontakt med ingeniør Henning Elgåen, mob 907 32 981.

3D modell - utbygging av øvre del av Ty.jpg

Oppstart Ty - bilde 2.jpg