Me har hatt smitte på sjukeheim, skule, barnehage, og elles overalt i kommunen. Heldigvis kom smitten først no når det meste av restriksjonar er løyst opp – og det er ein relativt mild variant som rår. Framleis er mange sjuke, men me forventar smittetala vil gå nedover nokså raskt no.

Folk i Aurland har vore flinke og registrert smitte i systemet me har for dette (Remin). Me oppmodar framleis folk til å registrere positive heimetestar her. Dette er nyttig for statistikk - og for å ha noko oversikt over smitten i kommunen. Lenke til registreringa finn du øverst på heimesida til kommunen. Den er også her: Registrere hurtigtest

Me har godt lager med hurtigtestar til gratis utdeling. Dei er tilgjengelege ved kommunehuset, legekontoret, Joker Gudvangen og Underdalsbui.

Ved spørsmål om testing eller korona-smitte, ring vanleg telefon-nummer til legekontoret – 5763 2999. Den øyremerkte test-telefonen er no sett ut av drift, og du vil ikkje nå fram der.

Korona-vaksine: For dei som ikkje har 3 doser med korona-vaksine, og ynskjer påfyll av dose 1, 2 eller 3, kan de ta kontakt med legekontoret 57632999 for å avtale tid for vaksine. Me har no ikkje lengre faste vaksinedagar, men gir vaksiner etter behov.

 

Bilete viser smitte registert per veke, førebels er det topp i veke 9.

registrert smitte korona veke 5-10 2022