Det har i sommar vore fleire sykkelulykker i Flåmsdalen.  Kommunen har gått til innkjøp av 5 skilt som vil bli utplassert i Flåmsdalen. 
Målet er at desse skilta vil bidra til ein auka bevisstheit hjå dei syklande og slik sett bidra til færre ulykker.  Skilt design for Flåmsdalen er laga av Anne Kari Solberg Dalsbotten.

 

Parkering max to timer

På bakka er det sett opp skilt på parkeringsplassane ved skulehuset og kyrkja som avgrensar parkeringstida til 2 timar. 
Bakgrunnen for dette er at ein ynskjer at langtidsparkering skal føregå ved parkeringsplassen som kommunen har opparbeida ute ved Blombakkaviki.  

 

Skilt 30 sone

I tillegg har det blitt opsett 30 sone skilt i retning bakka ute ved parkeringa Blombakkaviki. Dette er ein del av tidligare vedtak om fartsdempande tiltak gjennom bebyggelsen på bakka.

I Aurland kommune er det ingeniør Henning Elgåen som arbeider med skiltforvaltning.

Ingeniør Henning Elgåen