Vil du jobbe som assistent i brukar sin heim og avlastingsbustad

Me har ledig 76,76 % fast stilling frå 1.12.21.  
Brukar har behov for assistanse til alle gjeremål. Han bur i eige husvære saman med familien sin. Brukar er ivrig til å trene og du vil vere ein av fleire som jobbar i eit team. Arbeidet går ut på å assistere brukar i praktiske gjeremål både i og utanfor heimen. Det vil vere nært samarbeid med brukar og brukar sine pårørande.

Du vil få opplæring i bruk av diverse tekniske hjelpemiddel.

Du må ha førarkort for personbil.

Du vil jobbe i turnus med vakter på dagtid og kveldstid måndag til fredag, samt ei helg 4.  kvar veke. I periodar kan det bli aktuelt å jobbe til andre tider, samt. høgtid.

Me vil gjerne ha kontakt med deg
som ønskjer å gjere ein forskjell for menneske som har utfordringar i dagleglivet sitt.

Du må vere:
engasjert
positiv
tolmodig
fleksibel i forhold til arbeidstid

Krav til språkkunnskapar
Søkjarar må kunne dokumentere gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Me tilbyr
Opplæring og innføring vert gitt, og me kan veilede undervegs.

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

 

Søknadsfrist    12.09.2021                                 Utlyst dato        25.08.2021                           Vårref                  782

 

Kontaktperson

Christine Warholm Naasen, Tenesteleiar, mobil: 95984651, christine.naasen@aurland.kommune.no