I heimebaserte tenester
er det ledig ei 70 % prosjektstilling som aktivitetsvert frå snarast og fram til 31.12.2021

Aurland kommune har fått prosjektmidlar til aktivitetsvert for å motverka einsemd, og ser nå etter ein engasjert prosjektmedarbeidar til heimebaserte tenester.

Med prosjektet ynskje vi å legga til rette for samvær og aktivitet med heimebuande seniorar, eldre som bur i eigen heim eller omsorgsbustad. Tiltaket er eit lågterskeltilbod, førebyggande med mål om å motverka einsemd, isolasjon, skape trivsel, meistring og aktivitet.

Arbeidsoppgåver
Som aktivitetsvert skal du:
- informere heimebuande seniorar og eldre i omsorgsbustad om tilbodet
- etablere kontakt med heimebuande seniorar og eldre som bur i omsorgsbustad
- kartlegge behov og utføre nettverkskartlegging
- planlegge, gjennomføre og evaluere aktivitet
- aktivitet kan bli gjennomført via telefon, heime, eller utanfor heimen
- syte for aktivitet og tilbod for å motverka einsemd og følelsen av isolasjon, tilpassa den einskilde sitt behov og ynskjer
- individuell og gruppeaktivitet
- sosialt samvær, til dømes; kortspel, bordspel, lesing av bøker og aviser, samtalar, støtte, sang i lag, turar, trim,  formgiving, halde filmkveld, bake i lag, køyreturar, turar ute i naturen, tilstedeværelse
- hjelpe å halde kontakt med pårørande og andre digitalt
- dokumentere gjennomført aktivitet, erfaringar og deltaking
- det kan også vere aktuelt med andre oppgåver som fell inn under måloppnåing for prosjekt

Kvalifikasjonar
- helsefagarbeidar eller anna fagkompetanse innan helse og sosialfag
- tilstrekkeleg datakompetanse til å kunne administrere /gi opplæring til dømes på skype, facetime, Ipad
- har erfaring med nettverkskartlegging
- beherske norsk skriftleg og munnleg
- relevant erfaring
- førarkort B

Me søkjer deg som 
viser interesse og engasjement, tek initiativ, er sjølvstendig, fleksibel, innovativ og har ei kreativ innstilling.
Det er også viktig at du set den einskilde i fokus.

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
 

Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Søknadsfrist    26.07.2021                                 Utlyst dato        12.07.2021                           Vårref                  774

Kontaktperson
Marit Irene Aas Nesheim, Avdelingsleiar i heimebasert omsorg, mobil: 95984641, marit.nesheim@aurland.kommune.n