Velkommen til fotokunst-utstillinga «Verda me saknar finst», det å sjå naturen ein annan plass. Me går på eventyr inn i den verda som finst, men som me kanskje ikkje legg merke til. Eksistensen, verda og naturen har så mange dimensjonar. La oss avdekke meir og meir av alt det som naturen er, som livet er, som eksistensen er. Det er så mykje me eigentleg gjenkjenner, som gjev oss ei aning av noko, me kjenner at ting er større, djupare og meir magisk. På mange måtar er det vondt å halda tilbake. Me er så mykje. Naturen er så mykje.

 Heile livet har eg vore ein draumande person. Eg har alltid hatt ei kjensle av at det er så mykje meir i denne verda enn det me legg merke til og anerkjenner. Saknet og tvilen kjem og går. Er livet so magisk som det djupaste fortel meg? Det skapande hjelper meg å kjenna livet frå den frie og magiske plassen. Bileta opnar seg og skjer uten at eg heilt veit kor det endar.

Fotokunst er fotografi som er jobba med digitalt. Eg forminskar og forsterkar deler og lag av bilete, og det opnar opp nye sider av fotografiet. Ein ser tydlegare noko som ein vanlegvis ikkje hadde sett. Ei magisk verd opnar seg.

Bileta er fotografi som er jobba med digitalt. Ulike element ved fotografia er forsterka eller forminska. Dette kan vere kontrastar, ulike fargetonar, lys og dybde. Eg tilfører ikkje noko nytt til bileta, det eg jobbar med er den informasjonen som alt er i bilete. Eg opplever at det som vert vist i bileta er dimensjonar av verkelegheita som finst, men som me kanskje har gløymt. Me vert avlært å sjå alt det naturen og verda er, me mister kontakt med sansane vore gjennom livets ferd og me må hjelpe kvarandre tilbake. Me treng å sjå meir av magien som verda og verkelegheita faktisk er. Titlane og tekstane kjem intuitivt og ut frå ei kjensle eg opplever i bileta.