Informasjon om kor mange vaksinar kommunen får kvar veke, kjem om lag ei veke i forkant. I dag vet vi at vi i veke 17 og 18, får 60 vaksinedosar kvar veke av typen Pfizer. Vi kan av den grunn ikkje komme med noko informasjon om når DU kan forvente å få vaksine. I vaksineringa går vi etter alder og føl fødselsår, og månad. 

Innkalling til vaksinering skjer nå via SMS. Ta i mot timen du får tildelt. Vi må nytte alle dei vaksinane vi får og dei har kort haldbarheit.

I Aurland har no 345 fått første vaksinedose. 85 personar har fått 2 dose. Kjelde; sysvak.

Dersom du er over 75 år og mot formodning ikkje har fått tilbod om vaksine frå legekontoret eller heimesjukepleien, ber vi om at du tar kontakt med legekontoret.

Framdrift vaksinering i Aurland.

Gruppe 1         Ferdig - Alle som vil ha vaksine er fullvaksinert med 2 dosar.
Gruppe 2         Ferdig - Alle som vil ha vaksine er fullvaksinert med 2 dosar
Gruppe 3         Ferdig med dose 1. Vaksinering med dose 2 pågår
Gruppe 4         Pågår – starta med personar fødd i 1950.
Gruppe 5         Pågår
Gruppe 6         Pågår

Den nasjonale prioriteringa av vaksiner er slik;

  1. Bebuarar på sjukeheim
  2. Eldre over 85 år
  3. Eldre over 75 år
  4. Alder 65–74 år. Einskilde personar med høg risiko 18–64 år
  5. Alder 55–64 år med underliggande sjukdom/ tilstand
  6. Alder 45–54 år med underliggande sjukdom/ tilstand
  7. Alder 18–44 år med underliggande sjukdom/ tilstand
  8. Alder 55–64 år
  9. Alder 45–54 år

 

Helsepersonell.

Vaksineringa med dei 100 Astra Zenika vaksinane kommunen fekk til helsepersonell, vart stansa 11.03.21. Pr i dag, 23.04.21, er AstraZenika vaksinen framleis sett på vent i Norge.

Kommunen hald fram med å nytte inntil 20% av vaksinar til eige helsepersonell, og er grunna stansen med Astra Zenika ikkje komme så langt som planlagt med vaksinering av eige helsepersonell.

Innkalling til vaksinering på SMS.

Når vi no går over til å kalle inn til vaksinering på SMS er det viktig at du tek kontakt dersom du IKKJE kan nytte tildelt time. Dette slik at andre kan få tildelt timen din. Haldbarheita på vaksinane er 6 timar etter glaset er opna. Vi oppmodar på det sterkaste til å ta i mot tildelt time, dersom du vel å takke ja til vaksine.

Dersom nokon ikkje møter til avtalt time kan ein bli kontakta på kort varsel med førespurnad om å koma til vaksinasjonslokalet for å få vaksine.

Når får du vaksinen?

Kommunen får tildelt vaksiner etter ein nasjonal fordelingsnøkkel. Fram til Påske fekk vi veldig få vaksinar. Til dømes 18 eller 24 kvar veke. Etter påske har vi fått 60 vaksinedosar kvar veke. Desse skal nyttast til både dose 1 og dose 2.

Hvem kan få koronavaksine og når forventer vi å kunne vaksinere ulike grupper? - FHI

 

Korleis vert den enkelte vurdert til å vere person med høg risiko i aldersgruppa 18 – 64 som vert sett i vaksine gruppe 4?

Prioriteringa av når du får vaksine, vert gjort etter nasjonal prioritering. FHI har utarbeida ein eigen oversikt over tilleggsdiagnoser som vert å sjå på som forhøga risiko, oversikten finn du i denne lenka; https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/

Vaksinetilbodet er gratis

Vaksinen er eit gratis og frivillig tilbod til alle innbyggjarar i kommunen. Men du må syte for transport til og frå vaksinestaden sjølv. Her oppmodar vi pårørande til å hjelpe, og arbeidsgjevarar til å være fleksible for å få dette til.

 

Ikkje ta kontakt – vi kontaktar deg.

Minner om at de ikkje treng å ta kontakt med legekontoret med spørsmål rundt vaksinar. Du blir kontakta når det er din tur til å få vaksine og får då opplyst tid og stad for vaksineringa.

Etter påske flytta vi vaksineringa frå legekontoret til AIS, då det er lettare å organisere vaksineringa der, samt å halde god nok avstand.

 

Guri Olsen

Tenesteleiar Helse og førebygging
Aurland kommune.