Etter påvisinga av skrantesjuke på Hardangervidda i september, vart det bestilt ein ny VKM rapport. Denne vart overlevert 26 januar 2021. 

Korleis smitten er kommen til Hardangervidda er enno ikkje bekrefta. Genanalyse av den positive bukken tilseier at dyret er fødd og oppvaksen på Hardangervidda, og den har blitt smitta der.

I følgje VKM rapporten er det no påvist fire ulike variantar av prionar i Norge. 1 på villrein (smittsam). 1 på hjort og 2 på elg (atypisk).

Arbeidsutvalet til Nordfjellarådet (Ordførar gruppa)
Det har ikkje vore møter i dette kvartalet.

Hjortevilt
Fellingsresultata frå jaksesongen 2020/21 er no klare. I tabellane under er resultatet i kvar enkelt kommune lista opp og samanligna rapportane frå NINA.
Effekten av utvida jakttid er sett opp i figur 3 og 4.

CWD_Figur1.jpg

Figur 1. Syner offisiell fellingsstatistikk for hjort i Nordfjella-regionen, samt måloppnåing i forhold til
NINA-estimatene.

CWD_Figur2.jpg

Figur 2. Syner offisiell fellingsstatistikk for elg i Nordfjella-regionen, samt måloppnåing i forhold til
NINA-estimatene.

CWD_Figur3.jpg

Figur 3. Syner det som er registrert av hjortefellingar i utvida jakttid i Nordfjella-regionen. Kjelda er
jegeranes registreringar i Hjorteviltregisteret/settogskutt og såleis ikkje komplett oversikt.

 

CWD_Figur4.jpg

Figur 4. Syner det som er registrert av elgfellingar i utvida jakttid i Nordfjella-regionen. Kjelda er
jegeranes registreringar i Hjorteviltregisteret/settogskutt og såleis ikkje komplett oversikt.

Overvaking
I mars er det merka 10 hjort. 8 i Lærdal og 2 i Aurland. 5 koller og 5 bukk. Totalt går no 18 hjortar med halsband i Lærdal, Årdal og Aurland.
Det er og merka hjort og elg rundt Hardangervidda for å sjå på felles områdebruk med villrein.

Hjorten kan følgjast på:
https://kilden.nibio.no/?lang=nb&X=7195706.12&Y=284337.75&zoom=0.050089679614182224&topic=arealinformasjon&bgLayer=graatone_cache, dyreportalen.

Studentarbeid om bestandsstorleik
Prosjektet for å kunne seie noko om størrelsen av ein hjortebestand er kommen i gang. Det er gjennomført 2 rundar med feltarbeid i mars og april. Master gradsoppgåva er venta ferdig i løpet av 2021.

Villrein 2020:
Fokus på forvaltninga av villrein har i 1. kvartal vore å få ei oversikt over dyretalet i Nordfjella Sone 2 og Raudafjell. Samtidig er det påmontert 3 radioklavar for å halde kontroll på kor dyra går.
I sone 2 er det pr. i dag ca 300 dyr. Dette er 100 dyr mindre enn det ein hadde forventa. Her var det også planlagt å merke fleire dyr, men vêrforholda gjorde det umogeleg. I Raudafjell villreinområde er det ca. 80 dyr, som forventa. Her er det påsett 3 nye klavar. Til saman går det no 9 klavar på villrein i Sone 2 og Raudafjell.

Reetablering av villrein i sone 1
Ingen aktivitet i reetablerings gruppa. På grunn av Cowid-19 har det ikkje vore mogeleg med fysiske møter.

Beitebruk
I mars vart endringar i soneforskrifta sendt ut på høyring. Det er no forslag om ei felles soneforskrift for Nordfjella og Hardangervidda. Tittelen på den nye forskrifta er « CWD-soneforskrift».
Høyringsfrist er 3 mai 2021. Det er føreslege ulik avgrensing av soneforskrifta i Nordfjella og på Hardangervidda. I Nordfjella er avgrensinga sett til kommunegrenser (Aurland, Lærdal og Hemsedal), eller deler av kommunen, ( Ål, Hol, Eidfjord og Ulvik). På Hardangervidda er det leveområde for villrein som er avgrensing.
 
Mattilsynet har og sendt ut informasjon til beitebrukarane i Nordfjella sonen før beitesesongen 2021. Skrivet går ut på korleis salteplassar skal plasserast og kontrollerast.
Mattilsynet vil sjølve ta tilbake kontrollen med grindeanlegga i beitesesongen. Dette vil medføre større helikoptertrafikk i år, enn det var i 2020 då beitebrukarane fekk ei godtgjersle for at dei tok på seg oppgåva med å sjekke grindene gjennom beitesesongen. Mattilsynet har og bestemt at salteplassar over 800 moh skal vere stengt seinast 1 oktober. Salteplassar under 800 moh skal vere stengt innan 20 oktober. Avvik må begrunnast og bør meldast til Mattilsynet.

Sperregjerde
To grinder langs vegar ut frå Rv 52 over Hemsedalsfjellet var opna for å letta tilkomsten til stølar og hytter når snøen kom. Dette vart gjort etter at tamrein var flytta på vinterbeiter og vil bli stengt før dei kjem tilbake. Fleire parti av sperregjerda snøar ned og er ingen hindring for dyr som vil krysse. Dyr som har nærma seg gjerde langs vegen Hol + Aurland er jaga tilbake.

Skuleprosjekt
Ein ny runde med invitasjon til skulane for deltaking i 2021 vert sendt ut no. Plan er å følgje same opplegget ein hadde i 2020, med digital undervisning i mai og ein dag i fjellet i august. Dette
fungerte greitt og vart godt motteke av deltakarane i fjor. Skuleprosjektet gjev elevane i 6 klasse ei innføring i i forvaltning og hausting av villrein. 

Lærdal 14. april 2021
Lars Nesse
cwd koordinator