Aurland kommune
sentralbord:
Tlf. 57 63 29 00
SMS 95 98 46 49
Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00
Beredskap
Besøksadresse:
Vangen 1
Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland
Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert og følgje nasjonale råd og føringar.
Les mer
Legekontoret melder 19.02.21 om følgjande:
|
Covid – 19 |
Tal testa i Aurland |
Tal innlagd |
Tal døde |
2020 |
1 |
381 (+23) |
|
|
2021 |
0 |
134 (+22) |
|
|
Risikovurdering; Nivå 1
Aurland kommune har pr. i dag ingen kjend smitte i kommunen og ingen utfordring innan TISK (testing, isolering, smittesporing og karantene) Det vert vurdert at kommunen kan risikere smittetilfelle knytt til smittesituasjonen i Hardanger og særleg Voss. Dette grunna naudsynte reiser til Voss, særleg i samband med jobb og skulegang.
Kommunen oppmodar fortsatt sine innbyggjarar til å følgje dei nasjonale råda om å unngå fritidsreiser. Samt å ikkje reise til eller ta i mot besøk frå område med auka smitte.
Dei nasjonale råda for Vinterferien er
HUSK - det kan fort skje endringar!
Risikonivå i heile Vestland finn de her; https://www.statsforvalteren.no/vestland/samfunnstryggleik-og-beredskap/krisehandtering-og-samordning/risikoniva-i-vestland/
Risikonivå |
|
Beskriving |
Nivå 1 |
Kontroll |
Ingen eller få påviste tilfelle, med moglegheit for at det fort kan skje endringar. |
Nivå 2 |
Kontroll med klynger |
Lokale og regionale utbrot som vert kontrollerte. Tilfella kan vere avgrensa til grupper, og ein låg del (under 10%) har ukjend smitteveg. Testing og smittesporing vert handsama greitt. |
Nivå 3 |
Aukande spreiing |
Aukande smitte utanom dei avgrensa utbrota, og fare for rask spreiing av tal smitta. Det er dels einskilde tilfeller, og dels klynger i ulike miljø. Kapasitet for smittesporing og testing er under press. |
Nivå 4 |
Utbredt spreiing |
Høg og raskt aukande smitte utanom avgrensa utbrot. Press på kapasitet I sjukehusa. Auke med smitte I sårbare grupper og 20-30% har ukjend smitteveg. Auke i innlegjingar og dødsfall. Kapasitet på smittesporing og testing er overbelasta. |
Nivå 5 |
Ukontrollert spreiing |
Ukontrollert smitte i samfunnet og fare for at sjukehusa sin kapasitet vert overskride. Aukande smitte utan kjend smitteveg, der over 30% har ukjend smitteveg. Smittesporing er ikkje mogleg å gjennomføra grunna manglande kapasitet. |
Kjelde: fhi.no
Aurland kommune rapporterer her på personar som oppheld seg i kommunen der det er kommunen som har ansvar for den medisinske oppfølginga.
Pr i dag har ingen som har testa seg i Aurland, som har testa positivt.
Personer som er folkeregistrerte og korkje bur eller oppheld seg i kommunen, er ikkje med i denne rapporteringa.
Tenesteleiar
Helse og Førebygging.
Guri Olsen