Aurland kommune
sentralbord:
Tlf. 57 63 29 00
SMS 95 98 46 49
Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00
Beredskap
Besøksadresse:
Vangen 1
Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland
Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert og følgje nasjonale råd og føringar.
Les merAurland kommune har starta arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen. Samfunnsdelen styrer samfunnsutviklinga til kommunen dei neste tolv åra og derfor ønskjer me at så mange som mogleg bidrar i planprosessen. Her kjem informasjon om korleis du kan bidra.
Temamøte i januar og februar
Det er sett opp tre temamøte i januar og februar. Det første møtet vert gjennomført som eit digitalt gjestebod, dvs at du kan svare på spørsmåla når det passer best for deg. Dei to siste møta vert gjennomført fysisk så lenge ikkje dei nasjonale restriksjonane blir vidareført.
Innbyggjarundersøking
Innbyggjarundersøkinga vert gjennomført som telefonintervju i løpet av januar, ca 300 innbyggjarar blir oppringt. Det vert stilt spørsmål om mellom anna kor fornøgd du er med dei kommunale tenestene.
Innspel på butikken
Me kjem til å ha open kontordag på Aurlandsvangen utanfor Spar, i Flåm utanfor Coop, i Gudvangen i Joker og Shell-butikken og i Undredalsbui i løpet av den siste veka i januar og første veka i februar. Her tek me imot innspela dine, gjerne i form av svar på gjesteboda.
Generelle innspel
Dersom du ikkje har høve til å delta på temamøte, møte oss på butikken eller gjennomføre gjestebod er du velkommen til å sende inn innspel via heimesida til kommunen. Me tek imot innspel mellom 19.januar og 14.februar.
I tillegg til desse møta gjennomfører kommunen fleire interne møte, møte med politikarane og eigne møte med Eldrerådet og Råd for personar med nedsett funksjonsevne, Ungdomsrådet og ein klasse på ungdomsskulen.
Kva skjer med innspela dine?
Me les alle innspela og sorterer dei etter tema slik at politikarane får arbeide vidare med dei på eigne arbeidsmøte i mars. På denne måten får politikarane vite kva som er viktig for deg før dei lager mål og tiltak i samfunnsdelen. Når planane er klare, får du nye sjansar til å kome med innspel. Då vil politikarane høyre kva du meiner om forslaga deira gjennom høyringa før dei bestemmer seg. Meir informasjon om dette kjem seinare.