Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
4. mars 2021 kl. 15:15

Informasjon om Korona-pandemien

Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert og følgje nasjonale råd og føringar.

Les mer

Oppstart av arbeidet med samfunnsdelen

Arbeidet med samfunnsdelen starta opp i september. I første omgang vart det arbeida med planprogrammet, mens no er det fokus på planlegging av opne møte og det er starta på nødvendige utgreiingar. 

Kommunestyret vedtok oppstart av arbeidet med samfunnsdelen 17.sept 2020, du kan lese sakspapira her. I møtet vart det vedtatt at det skal fokuserast på tre hovudtema i samfunnsdelen:

1. Samfunnstryggleik og Aurland som eigen kommune:

Korleis Aurland best kan halde fram som eigen kommune med fokus på mellom anna samfunnsutvikling, interkommunalt samarbeid og rekruttering. I tillegg er samfunnstryggleik, som beredskap og klimatilpassing eit viktig tema. 

2. Lokalsamfunn og tenesteutvikling:

Korleis kommunen kan yte best mogleg tenester til innbyggjarane heile livet, fokus på integrering og inkludering, aktivitet og folkehelse og kommunen sitt omdøme internt og eksternt. 

3. Næringsutvikling og besøksforvaltning:

Kva næringar kommunen skal satse på og korleis kommunen kan førebu seg på ytre påverknadar, som pandemi, klimaomstilling innanfor næringslivet, vidare utvikling av reiselivet og korleis kommunen kan ivareta trivselen til innbyggjarane og vere eit godt vertskap. 

Kvart hovudtema vert nærare skildra i planprogrammet, som du kan lese når det vert lagt ut på høyring. 

Forankring

Innanfor kvart hovudtema er det sett ned ei arbeidsgruppe beståande av politikarar og representantar frå dei ulike einingane. Gruppene består av:

1. Samfunnstryggleik og Aurland som eigen kommune: Formannskapet, rådmann og teknisk sjef.

2. Lokalsamfunn og tenesteutvikling: Levekårsutvalet, tenesteleiar pleie, rehabilitering og omsorg, tenesteleiar ABU, teknisk eining og fagleiar flyktningtenesta. 

3. Næringsutvikling og besøksforvaltning: Plan- og eigedomsutval, teknisk eining, tenesteleiar kultur og landbrukssjef. 

I november var gruppene med på to arbeidsmøte der dei arbeida med utfordringsbilete til kommune, visjon, mål og medverknad i samfunnsdelen. Resultatet av arbeidet deira vart innarbeida i planprogrammet som skal ut på høyring i slutten av november. 

Arbeidsgruppene skal følgje samfunnsdelen gjennom heile prosessen og er med på møte som er relevante for deira hovudtema. 

Vidare framdrift

Desember: Planlegging av temamøte og arbeid med nødvendige utgreiingar

Januar: Opne møte der du kan kome med innspel til samfunnsdelen. Arbeidsgruppene arbeider med innspel frå møta.

Februar - mars: Arbeid med utkast til samfunnsdelen, møte i arbeidsgruppene

April: Samfunnsdelen blir lagt ut på høyring

April - mai: Du kan kome med innspel til høyringsutkastet for samfunnsdelen

Mai - juni: Ferdigstilling av samfunnsdelen

Juni: Vedtak av samfunnsdelen 

Høringsperioden er nå avsluttet, det er derfor ikke lenger mulig å gi uttale på denne planen.

Send skjult innspill


Din høringsuttale til planen vil bli registrert i kommunens sak- og arkivsystem. Meldingen publiseres ikke.

Framdriftsplan