Sak 03/20 Ynskje om adresseendring på nye bustader – frå Bakkane 2 og 4 til Ryggjatun 1 - 32

Området rundt har namnet Rygg og Bakkane. Vegadressa er Bakkane. Utbyggjarane har ynskje om namneendring frå Bakkane 2 og 4 til Ryggjatun 1 - 32. Det vert tilsaman 32 bueiningar på sikt. Etter kvart som desse bueiningane vert oppsett, vert det mange bokstavar å forhalde seg til som Bakkane 2 A-P, Bakkane 4 A-P. Dette vert uoversiktleg og det er difor eit ynskje om adresseforandring.

Ryggjatun var tidlegare namnet på hotellet som låg der, og namnenemnda tykkjer at namnet passar godt, sidan dette nye utbyggingsområdet vert å rekne som eit «tun».

Namnenemnda gjev denne uttalen i saka:

Lov om lokal forskrift § 6.2 A seier at: «Sidevegar til ein overordna veg bør gjevast eige adressenamn dersom sidevegen er kortare enn 200 m og har minst 20 bueiningar.»

Namnenemnda sluttar seg til at dei nye bueiningane bør heite Ryggjatun 1-32.

Namnenemnda legg saka ut på høyring.

Stadnamntenesta for Vestland skal også ha forslaget på høyring.

 

Sak 04/20 Høyringsdokument frå Statens Kartverk

Namnenemnda legg dei innkomne forslaga til skrivemåte frå Kartverket i Aurland kommune ut på høyring.

Dette vart diskutert i saka:

  • Fleirtal for grupper med vatn vert votni på dialekt, altså Grindafletvotni.
  • Grindafletskaret vert skrive utan -d. (ikkje Grindafletskardet)
  • Det er greitt å bruke både Grindafletene og Grindafletdalen.

Høyringsdokumentet frå Statens Kartverk vert lagt ut på høyring og sendt til dei grunneigarane me er kjende med. Viss det skulle vere andre/ fleire grunneigarar bed meg at de tek kontakt med kommunen, slik at me får rydde opp i det.

Ein ynskjer difor at desse sakene vert offentleggjort, og ber om at dei som har merknader og innspel i denne prosessen kjem med skrifteleg tilbakemelding innan 10. november 2020.

 

Tilbakemeldinga skal sendast til: Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland eller post@aurland.kommune.no 

Innspela må merkast med: Merknad til Namnenemnda og saksnummeret.

 

Monica Hille
tenesteleiar Kultur

 

Filer

Oppstart av namnesak 2020238 - Brynagjelet/Brynagili m.fl. - Voss herad

Namneliste for sak 2020-238 - Voss herad

Oversiktskart - Ryggjatun

Skjermbilete Ryggjatun