Som nyvald ordførar er det ikkje uvanleg å bli spurd om å halde talen på denne dagen. Eg var i grunnen førebudd på at somme kom til å spørje meg om det. Det set eg stor pris på, og hadde vel eigentleg vorte litt skuffa om ikkje.

Me har i lengre tid innsett at feiringa i år vert av den utradisjonelle sorten. Ein virussjukdom har herja både hjå oss og andre, og sett ein effektiv stoppar for, nær sagt all aktivitet, også tradisjonell 17. maifeiring. Frå styresmaktene er det laga retningsliner for avstand mellom folk, kor mange som kan væra i lag osv. Det er òg bestemt at me ikkje får arrangere barnetog. Situasjonen pregar folk, og er vanskeleg å komme utanom, også i ein 17. maitale.
 
Ein kunne frykte at alt dette ville setja ein effektiv stoppar for 17. mai-feiringa både i Aurland og andre plassar. Men nei, kva er det me ser? I alle bygder og byar rundt om i landet, og også hjå oss, vert det planlagd alternativ feiring av nasjonaldagen. 

Kommunen vart kontakta av 17. mai-nemndene i sokna. Dei lurde på retningsliner og råd i samband med feiringa. Ordføraren tok kontakt med nemndene, og har sidan vore med i førebuingane. Me har knytt kontakt med kyrkja, musikklaget og andre, og hatt digitale møter. Eit utal av idear, planar, ønskjer og initiativ vart koordinerte, og feiring med lokal tilpassing vart sydd saman. Somme plassar ved fysiske arrangement, andre på digitale plattformar og somme med ei fin blanding.  Dette flotte engasjementet fortel meg mykje, og stikkordet for dagen må bli optimisme: 

17. mai og nasjonaldagen betyr mykje for alle oss som bur i Noreg. Det betyr mykje for dei som er fødde og oppvaksne og har røtene sine i dette flotte landet, men me ser i alle bygdelag at det også betyr mykje for våre nye landsmenn. Mange er dei komitear rundt om i landet som får hjelp av tilflytte ressursar frå den store verda omkring oss, til sine arrangement. Dette ser me også tydeleg i vår eigen kommune, der flinke folk frå ei stor mengde land blandar seg fint med våre eigen trauste befolkning. 

Med det bakteppet som 17. mai har i år betyr dagen truleg endå meir enn vanleg. Sjeldan har me opplevd at handlefridomen vår har vorte innskrenka så mykje som i dei siste to månadene, og aldri i moderne tid har framtida vore så usikker og utfordrande for så mange som no. Det er difor absolutt grunn til å feira at me har eit styresettet, ein økonomi og ein fridom som gjev oss grunn til optimisme og som gjer at me kan sjå lyst på framtida. 

Det at mange er kreative, samarbeidsvillige og stiller opp for fellesskapet på ein slik dag er for meg eit godt teikn på optimisme. Utvilsamt har mange av oss tunge og vanskelege tankar om dagen, og det er ikkje gitt at det å stille opp for andre er det lettaste. Ein skulle tru at ein hadde nok med seg sjølv. Likevel har eg spora mykje optimisme i denne vanskeleg tida, langt utover det ein kunne forventa. 

17. mai, nasjonaldag, grunnlovsdag, barnas dag. Kjært barn har mange namn. Vanlegvis er dette den dagen i året dei yngste av oss ser mest fram til, ja, kanskje berre slegen av julaftan. Dette er dagen med uavgrensa mengde is og pølser, skule- og familiefellesskap, nytt festantrekk som ofte er langt reinare ved dagens sin start enn ved avslutninga utpå kvelden. Eg har håp og tru om at alt dette vert om lag som vanleg. Smittevernreglane seier noko om avstandar mellom oss, og kor mange me kan vera samla, men dei seier ikkje noko om at me ikkje kan leika, syngja, heise flagg, ropa hurra, og i alle fall ikkje noko om kor mykje is og kaker me kan eta. I alle fall er eg sikker på det me ikkje heilt klarar å gjera tradisjonelt i år, skal me ta grundig att neste år.

Me har sjølvsagt alle lagt merke til at kommunen vår ikkje er seg sjølv lik no om dagen. Me veit alle grunnen. Ei trøyst må vera at me alle, både innanlands og i store deler av verda, er i same båt. 

Det er vanleg at feiringa vår av denne dagen også er ein turistattraksjon. Me har alle opplevd turistar som går amok med fotoapparat for å foreviga folketog, bunader, faner, bjørkeris. Toppen på det heile er om fruktblomstringa er på sitt vakraste samstundes. Desse turistane manglar i år. 

Eg merkar sjølv at noko manglar når eg no om våren er ute og ser til sauer og lam på beite. Dette gjer eg stort sett før klokka sju om morgonen, på den tida cruiseskipa vanlegvis dukkar fram utom Vetlenedbergane og sig lydlaust inn forbi Undredal og Aurlandsvangen på veg mot Flåm. Dette har eg opplevd fleire gonger, også på 17. mai. Frå Skjerdal er synet av desse store båtane majestetisk enten dei sig inn fjorden i klårvær eller i skodde. Det er vakkert og spesielt å oppleva stilla, berre avbroten av fuglekvitter, saue-brek og lam som leikar på bøen. Det er postkort framfor noko.

I vår har eg ikkje hatt slike opplevingar, og jammen må eg innrømme at eg saknar dei. Det er faktisk no når me ikkje har denne trafikken eg kjenner at eg er stolt over at så mange brukar tid og pengar på å besøkje oss. Det er no eg merkar at eg er stolt over dei kvalitetane me kan vise fram, og at eg saknar meir folk rundt meg. Men eg er viss på at kommunen vår vert attraktiv som reisemål på ny. Medan me ventar må me bruke tida på å framsnakka kvarandre, og å gjera tilboda våre betre, meir berekraftige og meir miljøretta. Kort sagt,- sjå framover og ver optimistisk.

Få andre har ei slik feiring av nasjonaldagen som me har. Eg trur litt av markeringa er tufta på tradisjonar, men mest av alt optimisme og takksemd til dei som har lagt til rette for det gode samfunnet me lever i.

Til slutt ei takk til dei som har hjelpt oss med å gjera denne dagen med denne spesielle feiringa ekstra fin:

Ei stor takk til Flåm Musikklag som set stemning til dagen, og på imponerande vis stiller opp alltid, overalt.
 
Takk også til dei som stiller i flaggborg ved Helsetunet.

Ei takk til Monica Finden for tilrettelegging av gudstenester både fysisk og digitalt. 

Ei takk til Monica Hille og Beathe Ekhall Stentvedt frå kommunen for god støtte og tilrettelegging praktisk og teknisk. 

Takk til Lisa Stentvedt, Paul Edmundson og David Underdal for filming, fotografering og redigering slik at opptak frå dagen kan synast på nettet. 

Sist men ikkje minst: Takk til 17. mai nemndene i Flåm, Underdal og Vangen for framifrå arbeid.

Nok ei gong: Til lukke med dagen alle saman!