For å imøtekomme framtida og strengare krav til utslepp frå cruisenæringa, har Aurland Hamnevesen KF no sett seg i førarsetet for å tilby lokalprodusert kraft til cruiseskipa medan dei ligg til kai i Flåm.

ENOVA har dei siste åra gitt investeringsstøtte til fleire prosjekt for elektrifisering av hamner, og den godt etablerte cruisehamna innerst i Sognefjorden håpar no det er deira tur. Til trass for at Flåm ligg midt i smørauget for produksjon av rein vasskraft, er det forbunde vesentlege kostnadar med å få tak i straumen lokalt. Investeringa fordrar eit lokalt samarbeid for ei brei grøn omstilling i reiselivet, og ein innvilga søknad vil utløyse dette potensialet.

Flåm er ei av dei mest populære cruisehamnene i Noreg, og blei i 2019 kåra til den beste hamna i Skandinavia og Baltikum, samt den 7. beste cruisedestinasjonen i verda.

Flåm hadde i 2019 totalt 158 anløp og tok imot 277 545 cruisepassasjerar.

«No står verda stille og reiselivet og cruisenæringa vert
hardt ramma. Difor er det viktig at me brukar tida godt for å komma ut av denne
situasjonen styrka. Me vil vera klare for å ta hamna eit steg vidare fram mot
framtidige krav og eit grønt skifte. Om alt går som me ynskjer vil anlegget stå
klart i 2022» , seier Tor Mikkel Tokvam som steig inn i stillinga som hamnesjef 1. mars i
år.

ENOVA vil bruke våren på å vurdere søknaden. Om prosessen
går som skissert vil tilbakemeldinga komma i løpet av mai månad. Hamnesjefen er
svært nøgd med at hamnevesenet no er i posisjon for å ta del i den framtidsretta
utviklinga i næringa.  

«Me lyt visa kva som er mogleg å få til og at me er
villige til å gjera desse investeringane. Me ser og gjennom utgreiinga at det
kan forsvarast økonomisk og er mogleg å få gjennomført, men samstundes er av
ein slik størrelse at me vil være avhengig av støtte for å få det realisert»,
seier Tokvam.

I samarbeid med lokale aktørar,
cruisenæringa og lokalt energiverk har hamnevesenet fått levert ein godt
utarbeida og forhåpentlegvis konkurransedyktig søknad. Samstundes legg hamna no
opp til å gjere ei stor investering og eit vegval som viser at hamna, næringa
og destinasjonen stiller førebudd for å tilpassa seg krav om nullutslepp i
2026.

«Djupvasskaia og Fretheim Hotel er saman med Flåmsbana 
fundamentet i den vellukka satsinga på turisme i Flåm og Aurland.
Hamnevesenet vil gjera sitt for å tilpassa seg nye miljøkrav. Med landstraum og
strenge utsleppskrav for båtar, meiner eg at cruiseskipa framleis må få høve
til å vitja Verdsarvfjordane våre», seier styreleiar Olav J. Ellingsen.

Infrastrukturen kjem heile destinasjonen til nytte. Det er
snakk om mykje straumkapasitet som må på plass for eit slikt anlegg, og det er
avgrensa kor mykje ein kan få utnytta dette til cruiseskip åleine. Difor ser
ein på det totale utviklingspotensialet i Flåm. Då til dømes elektriske båtar,
bussar, bilar og andre innovative løysningar. Hamnevesenet vil med dette ta sin
del til at Flåm kan nærme seg ein nullutsleppsdestinasjon.

Flåm er allereie ein destinasjon som tilbyr utsleppsfrie
attraksjonar og transport. Den verdskjente Flåmsbana, turistbåtane Future of
the Fjords (heilelektrisk) og Vision of the Fjords (hybrid) som går fast i verdsarvområdet nyttar seg allereie av
straum. I tillegg til dette er det og elektriske tilbod som E-Mobility (liten
el-bil) og El-Tour (segway utleige), samt at Fjordsafari Norway ligg langt
framme med testing av elektriske ribbar. Slik situasjonen er no nærmar kapasiteten
i nettet seg full utnytting, og difor vil ein auka kapasitet av straum være
naudsynt for utviklinga av Flåm.

Flåm AS som er ein ledande aktør innan reiseliv meiner dette
er i tråd med deira visjonar for destinasjonen. 

«Å legge til rette for at reiselivet og destinasjonen
skal bli skal bli utsleppsfri er eit mål me deler og som me jobbar strategisk
mot. Det er eit viktig og naudsynt grep for å utvikle eit berekraftig reiseliv
 og ikkje minst bevare destinasjonen for framtidige generasjonar».

Solrun Hjelleflat – Dagleg leiar, Flåm AS

Hamnevesenet har vore i kontakt med fleire som kan levere
sjølve anlegget og fått henta spesifikasjonar og prisoverslag. Samstundes har
det vore god dialog opp mot sjølve cruisenæringa.


«Reiarlaga vore særs samarbeidsvillige, sjølv om dei
grunna situasjonen har hatt mykje anna å prioritere. Dei har gitt oss teknisk
informasjon og naudsynte opplysningar som me har hatt behov for. Reiarlaga har òg
signert intensjonsavtalar som inneber at dei vil kople seg til anlegget når det
står ferdig», seier driftsleiar Jon Olav Stedje, som har vore hamna sin
kontaktperson i møte med næringa.