Det fortel Hallvard Thomassen, som no er glad dei skal opne att. Etter å ha stengt miljøstasjonane 16. mars vil dei opne att tysdag 14. april, i samsvar med vanlege opningsdagar.

– Eg håpar og trur folk er miljøbevisste og har oppbevart boset trygt. Me veit at mange har nytta påsken til å rydde heime og funne ting dei vil kvitte seg med. No som me opnar igjen, skal me hjelpe alle så godt me kan med å handtere avfallet riktig.

Restriksjonar på antal bilar

Me vil opna att med vanlege opningsdagar og -tider på dei ulike miljøstasjonane. Og det vil vere like stort fokus på å redusere smittefaren for både tilsette og kundar.

– Det vil difor bli restriksjonar på kor mange bilar som kan vera inne på anlegget samstundes. I tillegg ber me om at folk oppheld seg i bilane mens dei ventar på tur og at folk betalar med Vipps, fortel Thomassen.

Me ber òg om at dei som skal levera avfall er godt budd på og har sortert avfallet slik at dei bruker minst mogeleg tid på miljøstasjonen. Operatørane vil halde avstand og berre rettleie ved behov.

Vent gjerne litt til

Det betyr at du må smørja deg med tolmod om du tek turen til miljøstasjonen. Har du moglegheit til å oppbevara avfallet heime litt til, oppmodar me på det sterkaste til å gjere det.  

– Me opnar i dag, men anbefaler alle til å vente litt til. Då unngår me kaos og folk unngår å sitje lenge i kø.

Sjå opningstid på din miljøstasjon.