Når blir systemet teken i bruk?
Varslingssystemet vil bli brukt av kommunen for å nå innbyggjarane digitalt med meldingar når dette er føremålstenleg. Det kan vere ved stenging av vatn, kokevarsel, stengde vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre situasjonar som krev rask informasjon.

Korleis finn vi deg?

Det vert nytta tre ulike register for å nå ut med informasjon til deg:

1) Privatpersonar:
kontaktinformasjonen vert henta frå DIFI sitt kontakt- og reservasjonsregister. Vi oppmodar om at innbyggjarane legg inn sitt mobilnummer og e-postadresse i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Oppdatering kan gjerast her: https://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon   

2) Bedrifter:
Ved varsling av bedrifter vert bedrifter som høyrer til adresser som er oppført i einingsregisteret kontakta. Kontaktdata for bedrifter er henta frå Altinn. Bedrifter med fleire adresser bør registrere desse som undereining hos Brønnøysundregistera: https://www.brreg.no/bedrift/virksomhet/

3) Tilleggsregister:
Tilleggsregister kan den enkelte nytte om ein ynskjer å få varsling for ei bedrift eller for ei adresse ein ikkje er registrert med bustadadresse på. Sjå her: https://varslemeg.no/

Har du ikkje fått varsel?

1) Er du folkeregistret på din adresse? https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister

2) Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon? https://www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon

Kva kan du gjere?

Oppdater opplysningane dine og meld alltid flytting til Folkeregisteret.

Bur du på ein annan stad enn der du er folkeregistrert kan du registrere telefonnummeret ditt på din adresse i Tilleggsregisteret. Hugs å endre viss du flyttar. Tilleggsregisteret er konfidensielt og nyttast berre av kommunen.

Registrer ditt telefonnummer i kommunens tilleggsregister her: https://www.varslemeg.no

Vel Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (vel Privat)

Sårbare verksemder

Tilleggsregisteret knyt kontaktpersonar til verksemder med telefonnummer.

Kontaktpersonen vil få varsel på SMS dersom SMS sendast frå kommunen.

Sårbare verksemder er bedrifter som er avhengig av vatn for å drive sin verksemd.

Dømer:

            Sjukehus og medisinske senter

            Alders- og sjukeheim

            Lege og tannlegar

            Barnehagar og skoler

            Næringsmiddelprodusentar

            Restaurantar og kafear

Registrer verksemda di i kommunens Tilleggsregister: https://www.varslemeg.no/

Vel Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (vel Bedrift)

Ofte stilte spørsmål

Korleis verkar varslinga?

Meldinga blir sendt som tekstmelding (SMS) til mobiltelefon, e-post og ei automatisert talemelding til fasttelefon. Tekstmelding lesast inn som «tekst til tale». På slutten av meldinga kan du taste 1 for å stadfeste at du har oppfatta meldinga, eller 9 om du ynskjer å høyre meldinga ein gong til.

Er mitt mobilnummer registrert?

Vi sende varsling til alle som er folkeregistrert på ei aktuell adresse i Folkeregisteret og hentar dine kontaktopplysningar frå Difi sitt kontaktregister. Så lenge du har registrert dine kontaktopplysningar i Difi sitt kontaktregister/Altinn vil du få varsel. 

Oppføringa di kan du sjekke ved å logge deg inn her: https://www.norge.no/nb/oppdater-kontaktinformasjon

Blir dei som har hemmeleg nummer varsla?

Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Om ein likevel ynskjer å få varsel frå kommunen kan du legge inn ein tilleggsoppføring på https://varslemeg.no/ Hugs å kryss av på «hemmeleg nummer».

Korleis får eg varsel for andre adresser enn mi bustadadresse?

På varslemeg.no kan du legge inn tilleggsadresser som du ynskjer varsel for. Dette kan gjelde barn i studentbustad,  foreldra dine sin bustad eller ein fritidseigedom. Slik gjer du:

  • Under ”Tilleggsoppføring” klikk ”Legg til ditt telefonnummer”.
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk ”send”.
  • Du får ein kode på sms, som du brukar for å logge deg inn.
  • Her kan du legge til andre adresser du vil bli varsla for. Namn = den som bur på adressa du registrerar.

Eg bur i burettslag/blokk/sameige. Blir alle på mi adresse varsla?

Alle einingar i eit burettslag eller sameige blir varsla om ein er registrert i «kontaktregister for offentleg forvaltning».

Korleis finn eg ut om foreldra mine si adresse er i ein kommune som bruker Varsling 24?

Ta kontakt med den respektive kommune for å høyre om dei brukar Varsling 24.

Korleis kan eg sjå kva adresse eg får varsel for?

På varslemeg.no kan du sjekke alle varslingsadresser som er oppført på ditt mobilnummer, utover din offisielle bustadadresse som du er registret med i «kontaktregister for offentlig forvalting». Gjer fylgjande:

  • Under ”Tilleggsoppføring” klikker du ”Legg til ditt telefonnummer”.
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk ”send”.
  • Du mottek ein kode på sms, som du brukar for logge deg inn. Her ser du lista over adresser registrert på ditt mobilnummer.
  • Her kan du også slette adresser eller legge til fleire.