Den bustadpolitiske handlingsplanen er ein temaplan som er forankra i kommunal planstrategi 2016-2019 og kommuneplanen sin handlingsdel 2018-2021. Arbeidet fell saman med at Sogn regionråd har utarbeidd og vedteke ein bustadstrategi for Sogn. Gjennom dette arbeidet har kommunen og nabokommunane fått eit fagleg nettverk og støtte i arbeidet med planen.

Ein bustadpolitisk handlingsplan er eit strategisk verktøy som peiker ut mål og prioriterte tiltak. Plandokumentet skal gjere tydeleg kva rolle Aurland kommune skal ha i den lokale bustadutviklinga, korleis vi skal samarbeide med andre aktørar og kva kommunen kan nytte av aktuelle bustadpolitiske verkemiddel. Planen vil vere eit nyttig og viktig grunnlag for arbeidet med rullering av samfunnsdelen til kommuneplanen.

Formålet med utarbeiding av ein bustadpolitisk handlingsplan er å bidra til at:

- politikarane får eit verktøy for å styre bustadutviklinga i kommunen

- administrasjonen får eit verktøy for å jobbe meir målretta, strategisk og effektivt

- innbyggarane får ei føreseieleg, betre og meir koordinert teneste på bustadområdet

Planen er delt opp i tre målområder som speglar dei ulike ansvarsområda kommunen har innanfor bustadpolitikken. Under kvart målområde kjem det først ei kartlegging som viser noverande status og framtidige utfordringar. Deretter ein gjennomgang av aktuelle verkemiddel. Til slutt i planen kjem ein handlingsdel der nokre av dei aktuelle verkemidla er prioritert som tiltak.

Saksdokument:

Saksframlegg med vedtak

Bustadpolitisk handlingsplan

Merknadar til planen kan sendast til post@aurland.kommune.no eller Aurland Kommune, Vangen 1, 5745 Aurland innan 17.12.2019.

Ta gjerne kontakt med arealplanleggjar Anja Marken, anja.marken@aurland.kommune.no eller 959 84 628 dersom du har spørsmål.