SimasMåndag 7. oktober fekk elevane og Flyktningtenesta lov til å besøka SIMAS sine kontor på Kaupanger. 

Simas besøk

Der fekk gruppa presentert korleis ein skal best mogleg resirkulere avfall, og kva som skjer med det avfallet ein sender til gjenvinning. Ein fekk òg omvising på anlegget der ein behandlar avfallet frå dunkane med våtorganisk, der synte dei korleis dette avfallet gjekk igjennom prosessar på anlegget på Kaupanger for at det skal kunne verte jord. I haugane med avfall og jord var det overraskande mykje plastikk, så her bør nok alle med SIMAS dunkar sjekke at dei sortera rett. Dette er tross all jord som ein kan hente til sin eigen hage når den er ferdige med alle naudsynte naturlege prosessar. Dette vart ein lærerik dag for både tilsette i flyktningtenesta og for deltakarane på introduksjonsprogrammet.

DagsturhyttaBiblioteket i Aurland inviterte heile kommunen med på forteljarstund på dagsturhytta tysdag 8. oktober. Eit flott arrangement der ein kunne kombinera fysisk aktivitet med norskopplæring, og  turen passa både store og små. Som eit resultat var det fleire som tok med seg borna på turen.  Vêrmeldingane for dagen var ikkje så lystige, men heldigvis fekk ein opphald både på turen opp og turen ned. For fleire var turen opp utfordrande nok, men slitet var verdt det då ein fekk kjenne på meistringskjensla når ein fyrst kom fram, og då fekk nyte den flotte utsikta- når tåka letta for eit augneblikk. I tillegg fekk ein vera med på ei koseleg stund med Rolf Losnegård, han fortalte historia om Gilgamesh-Kongen som nekta å døy. Saleh frå Lærdal tok på seg jobben som tolk, og omsette historia til arabisk medan Rolf fortalte. Sjølv om turen vart litt tung for nokon var det mange nøgde ansikt etter turen var over.Dagsturhytta -på veg ned

ØksekastOnsdag 9. oktober Inviterte Nærøyfjorden Verdsarvpark til tur i nærområdet, noko som dei har gjort kvart år i samband med prosjektet deira vandring og integrering. I haust gjekk turen til Gudvangen  frå Flåm på Future of the Fjord, og så vidare inn i Gudvangen Vikinglandsby. Til saman var det 55 personar frå Aurland og Lærdal  som fekk vera med på ein oppleving for livet. Ein vart tatt med på ei historisk vandring gjennom Njardarheimr, dei fekk sjå på handverkstradisjonar og smaka på lokale matvarer. Det kjekkast av alt, for både store og små, var kanskje å utfordre seg sjølv i vikingaktivitetar som øksekasting og bogeskyting.  Dette vart ein dag med opplevingar som ein seint vil gløyma.

Flyktningtenesta i Aurland og Lærdal er takksam for det gode samarbeidet ein har hatt i samband med å sy saman eit lærerikt og kjekt innhald i ferien for deltakarane i introduksjonsprogrammet og deira born. Håpa dette ikkje vert siste gongen.