Miljødirektoratet har fylgjande helseråd ved moderat luftkvalitet:

Moderat helserisiko - Helseeffektar kan henda hjå enkelte astmatikarar og personar med andre luftvegssjukdommar eller alvorlege hjartekarsjukdommar. Friske personar vil sannsynlegvis ikkje ha helseeffektar.

For generell folkesetnad, gravide og born, vert utandørs aktivitet anbefalt som normalt.

For eldre, folk med astma eller andre luftvegssjukdommar, folk med hjarte- og karsjukdomar eller diabetikarar vert utandørs aktivitet anbefalt for dei fleste. Dei som opplever forverring av symptom i luftvegane eller hjarte- og karsystemet bør vurdere å redusere fysisk aktivitet i område med mykje trafikk eller andre høge utslepp.

Det er nitrogendioksid som har gjort at luftkvaliteten har vore moderat nokre timar i perioden, med nokre få timar der svoveldioksid òg har gitt utslag. Nivåa av svevestøv og bakkenær ozon har vore låge i heile perioden. På vist graf er målt temperatur tatt med, og det ser ut som at det er dei aller varmaste dagane nitrogendioksid har påverka luftkvaliteten i størst grad.

Det har totalt vore 15 dagar med moderat luftkvalitet. Ni av dagane galdt det berre 1-2 timar midt på dagen eller på ettermiddagen. Dei seks andre dagane har det vore opptil 12 timar med moderat luftkvalitet. Totalt har det i løpet av perioden vore 46 timar med moderat luftkvalitet med cruiseskip til stades, og 19 timar med moderat luftkvalitet utan cruiseskip i Flåm. Grenseverdiane sett i ureiningsforskrifta er ikkje overskridne i perioden.

Målingane vert utførde kvart minutt og rekna om til gjennomsnitt per time alt etter kva som er relevant i fylgje ureiningsforskrifta. Sensoren i Flåm sentrum er plassert over den gamle ferjekaia i omtrent tre meters høgd over bakken. All data vert lagra i ein database hjå leverandøren. Aurland hamnevesen og Aurland kommune har tilgang til alle data frå målingane og kan gje interesserte tilgang ved førespurnad. Det vert jobba med ei løysing med visning av desse på