F.v. Alaa Merie og Merete Rein. Foto Linn-Janette Underdal SkarsbøMerete har òg fått ein assistent som kunne gå inn i rolla, utan behov for mykje opplæring. Merete fortel at Alaa sat med mykje relevant kunnskap i botn frå då han arbeida som gullsmed i Irak, som han kunne dra nytte av i verkstaden hjå ho.  Vanlegvis så må ein ha gått to år på skulen før ein kan prøva seg i slikt arbeid, fordelen med Alaa er at han er lærevillig og han forstår faget. Det tok difor ikkje lenge før han kunne ta del i produksjonen som assistent.  Han har dei same interessene, tenkjer estetisk  og har kunsten i hendene. Merete var ute etter nokon som kunne vera litt i kassen og assistera i produksjonen, Alaa kan vera med på begge deler då han snakkar og forstår godt norsk.

For Alaa var arbeidspraksis hjå Merete kjempeviktig, han har sakna å kunne arbeide med hendene og å gjere noko relatert til yrket han har hatt nesten heile livet. Han er veldig glad for at Merete har gjeve han ein sjanse til å vera med å skapa noko, allereie no har han fått vore med på produksjonen av glassprodukt.  Alaa kjem frå ein familie med gullsmedar og før han og familien måtte flykta frå Irak arbeida han i 17 år som gullsmed i familieverksemda. Dei siste åra var han leiar med ansvar for fabrikken og 5 tilsette.  Det å skapa er ein viktig del av identiteten til Alaa, og hjå Merete har han fått nytta  dei ressursane han sit med. Ein slik arbeidspraksis gjer han lykkeleg.

Produkt Alaa har vore med på produksjonen av i lag med Merete. Foto Linn-Janette Underdal SkarsbøMerete oppmodar andre verksemder til å ta ein sjanse med å ta nokon inn i arbeidspraksis. Det er sjølvsagt ein utfordring og ein veit ikkje kva ein får. Mange flyktningar sit kanskje att med traume etter det dei har opplevt, men dei sit òg med ressursar me kan dra nytte av til fordel for både dei og oss. Kva er det verste som kan skje, eit glashjarte vert knust?

I sommar skal Alaa blant anna ha litt sommarjobb hjå Merete, om du stikk innom på ein torsdag eller ein laurdag så hjelper han deg gjerne. Draumen er framleis å arbeide som gullsmed, men det å arbeide med Merete er ein fantastisk moglegheit som Alaa ikkje ville ha vore forutan.

 

Språk- og arbeidspraksis i introduksjonsprogrammet

Flyktningtenesta er avhengig av lokale verksemder som tek samfunnsansvar for at deltakarane skal få god språkpraksis eller arbeidspraksis i . Det ideelle er når ein får matcha dei ressursane intro-deltakaren har med den rette verksemda, slik at begge tener på det. Det er og ein skilnad mellom språkpraksis og arbeidspraksis. I ein språkpraksis skal fokuset til deltakaren vera å læra og praktisera norsk, medan i arbeidspraksis så vil fokuset vera å få meir trening i eit yrke og det kjem som oftast etter ein har lært så godt norsk at behovet for språkpraksis ikkje er like stort lenger. I begge tilfelle håpar ein at det vil resultera i arbeid. Kunne du tenkja deg nokon i språk- eller arbeidspraksis eller har spørsmål om introduksjonsprogrammet ta kontakt med flyktningtenesta.