Eit av desse punkta var parkeringsplassen oppe ved snuplassen. Her påpeika Fylkesmannen at det må takast inn krav i reguleringsføresegnene om å ta vare på og gje rom for ny kantvegetasjon langs Undredalselvi, i tillegg til at det må vurderast ei anna utforming og avgrensing av parkeringsarealet for å ta omsyn til kantvegetasjonen. Kantvegetasjon er generelt verdifulle område med stort artsmangfald som reduserer eventuell ureining til elva. Føresegn om ta vare på den eksisterande kantvegetasjonen vert innarbeida, mens parkeringsarealet framleis vil ha same utforming som føreslått i planen.

Småbåthamna var eit anna punkt Fylkesmannen hadde merknadar til. Planen legg opp til å regulere inn småbåthamna og søke om dispensasjon frå verneforskrifta etter at planen er vedteken, etter innspel frå Nærøyfjorden verneområdestyre. Fylkesmannen var ueinig i denne framgangsmåten og meinte det må søkast om dispensasjon før planen vert vedteken. Dette punktet vert det framleis arbeida med.

Utanom desse to punkta hadde Fylkesmannen merknad til at det bør stillast meir detaljerte krav til utforming av bustadane i bustadområdet ut mot Krossen, i tillegg til nokre mindre punkt som omhandla naust, leikeareal, stormflod og beredskap. Alle desse punkta er løyst.

Administrasjonen tek derfor sikte på at planen skal opp til politisk behandling i plan og utvikling i slutten av august og deretter i kommunestyret i byrjinga av september.