Retningsliner for sorg- og kriseteamet kan du lese her. PDF document ODT document

Sorg- og kriseteamet er ikkje eit behandlingsteam, men eit team som sikrar bistand og organi­serer ulike tiltak.

Teamet skal og sikra at dei som har behov for bistand i ein krise­situasjon, vert følgde opp i tida etter at krisa sin akutte fase er over. Denne bistanden vert gjeve i den grad det er ynskjeleg og vert vurdert som naudsynt.

Teamet skal og avdekka dei informa­sjons­behova som eksisterer og bidra til opplysningsarbeid.

OPPGÅVER

Sorg- og kriseteamet er ei disponibel beredskapsgruppe for kriser som t.d.:

  • Uven­ta dødsfall
  • Ulukker
  • Sjølvmordsforsøk
  • Sjølvmord
  • Alvorlige skadar

KOMPETANSE

Sorg- og kriseteamet representerer fleire instansar med ulik fagkompetanse i høve krise- og kata­strofearbeid. Teamet skal til ei kvar tid vera så fagleg oppdatert som mogeleg, m.a. gjennom deltaking i kurs/opplæring.

UTVIKLING AV TEAMET SITT ARBEID

Sorg- og kriseteamet skal ha møte minst ein gong i året, og elles etter behov. Møta skal vere med vararepresentantar og andre aktuelle fagpersonar. Møta skal m.a. utvikla krisearbeidet i kommunen, samordne personale og evaluere teamet si verksemd. Teamet skal og bidra til å gjera framlegg om førebyggjande tiltak i kommunen.

Leiar av teamet har ansvar for å kalla inn, og leie teamet sine evalueringsmøte.