For Aurland var det viktig å skapa ny næringsaktivitet, få sikker straumforsyning og heilårs vegsamband austover.

Anleggsvegen gav tilgang til  fjellområda, veg til turistbedriftene i Aurlandsdalen og ikkje minst grunnlaget for veg til Hol. Seinare kom vedtaket om stamveg Oslo – Bergen via Aurland, der det vart lagt stor vekt på utnytta dei store investeringane som låg i anleggsvegen. Utan anlegget, er det lite truleg at ein hadde bygd Gudvangatunnelen og seinare Lærdalstunnelen.

Debatten om Aurlandsbygginga var skarp både i og utanfor stortingssalen. «Eg høyrer meir på 2000 aurlendingar, enn 2000 foturistar», sa ein stortingsrepresentant. Ein annan reagerte på eit framlegg om utsetja veg i retning Hol i påvente av meir planar. Han sa det slik: «Bilar køyrer ikkje på planar, dei køyrer på vegar». Andre argumenterte sterkt for vern: «Desse landskapsstypane er dei siste me har, me må velja for dei generasjonar som kjem etter oss».

Kraftutbygginga skaper store verdiar for Aurland, Oslo, Sogn Fjordane og Staten. I dag ser me nye positive sider, knytt til klima og elektrifisering av transport og industri.

Kraftutbygginga representerer og eit stort inngrep i naturen. Dei komande åra vert det ein grundig prosess om revisjon av vilkåra knytt til miljøspørsmål. Her står situasjonen for fisken i Aurlandselvi sentralt.

I dag  kan me sjå tilbake på eit historisk stortingsvedtak, for nøyaktig 50 år sidan. Det endra Aurland meir noko anna vedtak eller tiltak. Ei endring som i sum  har  løfta Aurland opp og fram.

 

Noralv Distad
ordførar