- Ny teknologi, nye arbeidsformer og nye tenester fører med seg eit stort behov for å heve kompetansen blant tilsette framover. Opplæringsprogrammet, Velferdsteknologiens ABC, vil vere eit viktig tilskot til denne kompetansehevinga, og målet med ABCèn er å gje grunnleggjande kompetanse i velferdsteknologi og samstundes tilby nok arbeidsverkty for tilsette i kommunane, seier fagutviklingssjukepleiar i Aurland kommune, Tunde Nesbø.  Ho legg til at eit felles kunnskapsgrunnlag for tilsette med ulik utdanningsbakgrunn og ulike yrkesrollar, styrkjer samhandlinga når velferdsteknologi vert innført i kommunane.

 

For ei tid sidan var 18 deltalkarar frå Aurland kommune, dei fleste frå helsesektoren, på fagdag og oppstarts-seminar  i velferdsteknologiens ABC på Skei. Framover skal deltakarane gjennom ytterlegare åtte samlingar, før opplæringsprogrammet vert runda av ut på hausten i år.

 

- Fagutvikling og kompetanseheving på feltet velferdsteknologi skal jobbast med lokalt framover i tre grupper, innanfor fem ulike emne fordelt på dei nemnde åtte samlingane. Me gler oss til å arbeide med eit lærerikt opplæringsprogram, seier Nesbø. Ho fortel at gjennomføringa av opplæringsprogrammet Velferdsteknologiens ABC er eit tiltak i Kompetanseløftet 2020, regjeringa sin plan for rekruttering, kompetanseheving og fagutvikling i dei kommunale helse- og sosialtenestene.

 

 – Interessa for å delta i utprøvinga har vore stor, seier Nesbø. Opplæringsprogrammet er ei tverrfagleg satsing, men dei fleste deltakarane kjem frå helsesektoren, pleie og omsorg og helse og førebygging, men også IKT og driftseininga er med. Ergo- og fysioterapeut er også sentrale i opplegget. I løpet av opplæringsperioden skal deltakarane mellom anna frå ny kunnskap innanfor emna; introduksjon til tenesteinovasjon og velferdsteknologi, frå brukarbehov til ny løysing og loveverk og etikk.

Det er Helsedirektoratet som har gjeve Kommunenes sentralforbund (KS) i oppdrag å utvikle opplæringsprogrammet. KS har samarbeida med forskingsorganisasjonen SINTEF om utforming av kursmateriell. – Det er tidlegare prøvd i utvalde kommunar, og kommunane har delteke i vidare utforming av kursmateuellet, seier Nesbø.