Dei nye krava innber at det ikkje kan sleppast ut kloakk frå fartøy,  skip kan ikkje sleppa ut gråvatn, det vert strengare krav til eksosvaskesystem for å få bort mest mogleg av synleg røyk og gradvis vert det strengare krav til utslepp av NOx. 
Ordførar Noralv Distad sier at det er positivt med dei nye krava. Dei vil føra til reduserte utslepp og er i all hovudsak i samsvar med dei framlegga som Aurland kommune har støtta.  
Ordføraren er og glad for at Sjøfartsdirektoratet no har fått i oppdrag å vurdera tilsvarande krav nasjonalt. Då hevar ein ambisjonsnivået, får større miljøeffekt og ein unngår konkurransevriding.
13 norske cruisekommunar har gått saman om at dei krava som kjem for verdsarvfjordane bør gjelda nasjonalt. I tillegg arbeider desse kommunane for å få på plass landstraumanlegg. Det siste er eit tiltak som vil ha stor miljøeffekt, seier ordføraren.