Aurland har ein variert arbeidsmarknad og Nils Asbjørn Lie, HR-direktør i Flåm AS, gav dei frammøtte eit lite innblikk i kor stor «Flåms-klynga» er blitt, og den veksten som er venta framover. Lie oppmoda dei unge til å finne ut kva som engasjerer og interesserer dei, skaffe seg ei utdanning/gå i lære og komme attende til Aurland. Reiselivet og Flåm treng engasjerte og motiverte medarbeidarar til eit vidt spekter av jobbar. 
 
Aurland kommune har i år lyst ut læreplassar innan helsefag, institusjonskokk, barne- og ungdomsarbeid, kontor og administrasjon og byggdrift. Det er nytt at kommunen har læreplass innan byggdrift. «Bygga våre blir meir avanserte og vi treng fagfolk til å styre mellom anna ventilasjon og låssystem», sa Reinhardt Sørensen, tenesteleiar ved teknisk. Kommunen opplever at det er stor konkurranse om både sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Dei siste åra har vi jobba mykje med heiltidskultur i pleie og omsorg. «I dag er det ingen som jobbar ufrivilleg deltid ved Helsetunet», sa Ingrid Finden Bekkedal, avdelingsleiar ved Aurland helsetun.
 
ECO-energi AS skal i år rekruttere lærling i automasjonsfaget. Laila Soldal Bøe, representant for ECO-Energi AS sa at dei vektlegg fråvær, orden og åtferd, i tillegg til karakterar når dei tilsett lærling. Og Bøe sitt tips til ungdommane er at dei viser seg fram, og gjev eit godt inntrykk, når dei er i praksis og på utplassering.
 
Det er mange og varierte karrieremogelegheiter i Aurland og i regionen, og det er allereie sterk konkurranse om arbeidskraft. Vi konkurerer både lokalt og globalt. Vi treng alle! Dette må vere oppsummeringa av informasjonsmøtet om yrkesval og læreplassar.
 
Vi ynskjer ungdommane våre lukke til med sine utdanningsval!
 
Av Norunn Haugen, HR-sjef i Aurland kommune