På nettportalen «Luftkvalitet i Norge», kan alle gå inn å sjå på varsel for luftkvalitet over heile Noreg. Tala baserer seg på modellar, det vil seie at tala kjem frå kartlagt informasjon rundt trafikk- og vêrtilhøve. Varslingsmodellen set saman vêrvarsel, terreng og utslepp frå kjende kjelder, og reknar slik ut luftkvaliteten fram i tid. Det er metereologisk institutt sitt vêrvarsel som legg grunnlaget, og så vert data knytt til trafikk frå Statens vegvesen tatt med. Det vil seie at utslepp frå industri, skip og vedfyring førebels ikkje er med. Tala frå ein modell er altså ikkje heilt nøyaktige, men på dei stadane som har målestasjonar, har modellresultata samsvart godt med måleresultata.

 «Luftkvalitet i Norge» vart opna for alle den 30. januar i år, men for å teste løysinga, har kommunane hatt tilgang sidan november i fjor. I Aurland er det spesielt tunnelmunningane som er utsette for dårleg luftkvalitet. Figuren viser utsnitt frå kartløysinga til varslingstenesta, frå Aurlandsvangen, Gudvangen og Flåm kl 8 ein kald januardag. Grøn farge viser god luftkvalitet, medan gul farge viser moderat luftkvalitet. Ved moderat luftkvalitet kan personar med astma, andre luftvegssjukdommar eller alvorlege hjartekarsjukdommar oppleve forverring av symptom. Portalen inneheld mykje informasjon om luftkvalitet, helserisiko og metoden bak varslingstenesta, slik at det skal vere lett å forstå og bruke for alle.

Ta gjerne kontakt med prosjektleiar energi- og miljøsats Gudny Flatabø, gudny.flatabo@aurland.kommune.no, om du har spørsmål kring tenesta eller kring måling av luftkvalitet i Flåm.