Ordførar Noralv Distad er svært glad for denne avgjerda.  Aurland kommune har gjennom heile prosessen framheva at gjennomgangstrafikk, turisme, mange tunellar  og ein krevjande natur tilseier at politiet må ha tenestestad i kommunen. Departementet har vektlagt nettopp desse tilhøva når dei no har gjort om politidirektoratet si avgjerd.

Eg har heile tida sagt at me har ei god sak, og det er flott at me no får ei avgjerd som betyr svært  mykje for tryggleiken til eigne innbyggjarar og alle dei som gjestar kommunen, seier ordføraren.