24. nov. 2020 kl. 16:47 11. mars 2020 kl. 12:48

Informasjon om Korona-pandemien

Me oppmodar alle om å halde seg oppdatert og følgje nasjonale råd og føringar.

Les mer

Sogn Jord- og hagebruksskule (SJH) 100 år

Jordbruks- og hagebruksskulen i Aurland vart etablert i 1917 med fylgjande føremål: ”Skulen hev til mål å gjeva unge menn og kvinnor praktisk og teoretisk upplæring i jordbruk og hagebruk, med lærlingpraksis og korte tilleggskurs i praktisk arbeid på den jordeigedom som er knytt til skulen.”

SJH er i dag ein sprek 100-åring, fremst i landet på opplæring i økologisk landbruk og med gode framtidsutsikter. Det grunnleggjande føremålet står fast, men er tilpassa utfordringane i vår tid.  Ein gjengangar gjennom 100 år er at landbruket til ei kvar tid må utvikla seg med basis i kunnskap.

Her er eit lite tilbakeblikk knytt til skipinga av skulen:

Bakgrunnen for etableringa
I desember 1915 skreiv amtsagronom  Jens Lunde, som då heldt til i Florø,  eit omfattande dokument til ”Komiteen for ordningi av jordbruks- og hagebruksopplæringi i Nordre Bergenhus amt.” Han kom med framlegg om å etablera ein privat jordbruks- og hagebruksskule i Aurland i Sogn, på Lunde sin eigedom.  Grunngjevinga var kort og grei;  det var naudsynt med meir landbruksopplæring og fylket stod på dette feltet tilbake i høve andre fylke.  Det uroa Lunde at berre kring tjuande  bonde hadde fått opplæring i sitt fag. Han såg at det var trong for endringar i landbruket, og at dette møtte motstand. Løysinga var etter Lunde sitt syn å møta framtida med meir kunnskap. Lunde likte heller ikkje at krefter utanfrå etablerte økonomiske samanslutningar i landbruket. Samarbeid og samanslutningar måtte tuftast på at den einskilde bonden såg ein fordel av det. Tida var inne for satsa på dei unge, dei som ikkje var stivna i gamle vanar.  Jens Lunde gjekk så heilt konkret fram og laga ein detaljert læreplan.

Læreplanen
Jens Lunde tok utgangspunkt i Stortinget sine retningslinjer for jordbruksopplæring, men tilpassa det til regionale tilhøve og dei typiske gardane på Vestlandet. Han la større vekt på opplæring i rekneskap, små husdyr (som sau og geit) og hagebruk enn det som var landsnorma. Lunde meinte at framtida låg i  ”hagebruksmæssig jordbruk.” Lunde var oppteken av forretningsmessig forsvarleg drift, i økonomiske spørsmål nytta det ikkje å byggja på ”tru og kjensla.”

Det vart lagt opp til undervisning over to vintrar, for elevar som helst skulle ha fylt 18 år. 1500 undervisningstimar fordelte seg slik: norsk 90 timar, rekning 90 timar, bokføring 100 timar, landmåling 100 timar, reiskaps- og bygningsteikningar 100 timar, kjemi og fysikk 150 timar, steinlæra 40 timar, jordlæra 60  timar, dyrelæra 30 timar, samfunnslæra 65 timar, husdyrlæra 190 timar, meierilæra 30 timar, hagebruk 230 timar, plantelæra 60 timar, skogbruk 45 timar.

Jens Lunde skulle sjølv vera lærar og han ville i tillegg ha med seg amtsgartnar Stedje. Elles ville han nytta statstilsett dyrlækjar, skogmeister og meierimeister i nokre timar.  Han såg og behov for litt gymnastikk, det kunne ein underoffiser i bygda ta seg av.

Skulegarden, skulehus og hyblar
Jens Lunde sin gard var på 100 mål innmark, halvparten av arealet var dyrka mark. Jorda var godt eigna for hagebruk, men berre tilplanta med nokre få frukttre og bærbuskar.  Undervisninga skulle gå føre seg i det nye ungdomshuset, der Aurland kommune ytte fritt hus, lys og oppvarming. Elevane skulle bu privat.

Av undervisningsmateriell ønskte han seg fagplansjar, beingrind av hest og ku, kjemiske og fysiske apparat og eit mikroskop.

Lunde skreiv elles at  det var dyrt å leggja til rette for ein skulegard. Han vona difor at fylket ytte nødvendige økonomiske tilkot.

Innstillinga og vedtaket  om å etablera jord- og hagebruksskule i Aurland
Den 23. juni 2016 innstilte landbrukskomiteen i fylkestinget, der gardbrukar Hegrenæs frå Vevring var ordførar,  på å setja i gang ein kombinert jord- og hagebruksskule i Sogn, i det vesentlege i samsvar med amtsagronom Jens Lunde sin plan.

I fylkestinget ville ordførar Michelsen frå Lærdal ha saka om å etablera nye landbruksskular i Nordfjord og Sogn utsett og sendt tilbake til kommunane for fråsegn. Framlegget fekk støtte frå ordførarane i Balestrand, Borgund, Brekke, Bremanger, Lavik, Lærdal, Sogndal, Sulen og Vik. Men eit fleirtal på 24 ville ha saka handsama. Og i endeleg røysting var det berre Lærdal og Borgund som røysta mot.

Debatten i amtstinget (fylkestinget)
Det var ein kvass debatt i fylkestinget. Argumenta for å etablera to ny jorbruksskular, var behovet for fagkunnskap, og å løfta landbruket fram som viktig næring. Det vart og lagt vekt på at ein med fleire skular fekk konkuranse som i seg sjøl ville føra til betre kvalitet i opplæringa. Argumenta mot gjekk mest på at dette var for dyrt.  I tillegg kom lokaliseringsspørsmålet fram. Fleire ville helst ha skulen i Sogn lagt til Sogndal, men der var det ingen som ville stille ein gard til disposisjon. Motstand frå fleire sognekommunar kan tyda på at dei ville prøva å finna alternativ i eigne bygder.  Det var og skepsis til praksisfag, slikt kunne dei læra heime og så kunne skulane ta seg av det teoretiske.

Ordførar O Sævartveit i Aurland brukte store ord til fordel for nye skular: ”Alt, som eg trur vil bringa den norske bonden til å veksa, er eg med på. Det nyttar lite å seia at bonden skal ha høgste plassen, skal vera ryggraden i norsk politikk o.s,v. og so laga livsvilkår, som systematisk svelt han i hel, både materielt og kulturelt. Lat det no vera slutt med frasene, lat oss syna me meiner det me seier.”

 

(Kjelde: Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger 1916 – utrdag ved Noralv Distad).

 Sogn Jord- og hagebruksskule

 

 

Sogn Jord- og hagebruksskule 100 år
Sogn Jord- og hagebruksskule 100 år
Amtsagronom Jens Lunde
Amtsagronom Jens Lunde

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00

Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland