Hjelp i ein naudsituasjon, kan me som Aurlendingar bidra?

I sommar fekk både flyktningtenesta i Aurland og i Lærdal spørsmål frå Integrerings og mangfalddirektoratet (IMDI) om å busetje ein familie på 7. Begge kommunane takka nei til å busetje familien. 13. september fekk me igjen spørsmål om å busetje familien då IMDI framleis ikkje hadde funne ein busetjingskommune til dei. Dei har ein svært vanskeleg situasjon.

Familien er Syrisk og er no lokalisert i utlandet. Det haster med å få familien til Noreg p.g.a. innreiseløyve til Noreg.

Visst dei ikkje får ein bustadkommune no veit me ikkje om dei får løyve til å koma til Noreg seinare. Det hastar difor med å finne ein bustad for dei, visst me skal kunne ta mot dei i Aurland/Lærdal og for at Norge skal kunne ta i mot dei.

Barna i familien er frå 16 år til 9 månadar, og vil kunne byrje på skule og i barnehage i kommunen.

Me håpar at lokalbefolkninga vil vera med på ein dugnad for å busetje denne familien. Har du eit sommarhus som står tomt nesten året rundt? Eller lura de på kva de skal gjera med huset etter slektningar som ikkje er her lenger, då håpar me at dykk vil vurdera å hjelpe oss med busetjinga av denne familien.  Grunna helsesituasjonen til mannen er det ynskjeleg at inngang er på bakkeniva og at minst eit somverom (hovudsoverom) er på bakkenivå. Det er ynskjeleg at bustaden har minst 3 soverom.

Kommunen stiller med garanti på husleiga.

Har de spørsmål må de gjerne ta kontakt med oss på e-post eller på telefon!

Linn-Janette Underdal Skarsbø
Flyktningkonsulent
Nav Aurland
Mobil: 95 98 46 34
E-post: linn.janette.u.skarsbo@nav.no

Ei bygd med plass til fleire Foto Turid Sørensen
Ei bygd med plass til fleire Foto Turid Sørensen
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland