Elektrifisering av transport

Det grøne skiftet skal sikra ei meir miljø- og klimavennleg framtid. Elektrifisering av transport er eitt av fleire satsingsområde.

I Aurland vart fartøyet Vision of the Fjords sett i drift denne veka, med batteridrift på delar av strekninga Flåm - Gudvangen. Tidlegare i år starta E-mobility Flåm opp med utleige av små, batteridrevne bilar. Og Flåmsbana vart elektrifisert allereie i 1944, takka vera kraftverket i Kjosfossen. Fleire transportfirma vurderer no å gå over til batteridrift.

Noreg produserer i dag meir elektrisk kraft enn det faktiske forbruket i landet. Dette er ei stor mulegheit i det grøne skiftet, rimeleg og klimavennleg kraft kan gje nye og lønsame løysingar for industri og transport. I denne samanhengen er det svært viktig med eit godt samspel mellom næringsliv, forsking og styresmakter.  

Som eit lite apropo til debatten i vår tid, kan me dra fram to framsynte menn:  Fylkesmann  Ingolf Elster Christensen (fylkesmann Sogn og Fjordane 1910 - 1929 - også kalla "Flåmsbanas far") og ordførar Olav Sævartveit (ordførar i Aurland 1909 - 1925).

I 1918 arbeidde Sogn og Fjordane fylkeskommune med ei sak om å byggja ut Ålfotvassdraget i dåverande Davik kommune (no Bremanger). Fylkesmann Christensen var tilhengjarar av utbygging. Han grunngav dette mellom anna med at fylket måtte ha kraft tilgjengeleg "for at bringe den i anvendelse naar det engang byder seg en løsning av spørsmaalet om elektrisk drivkraft for skibe."  Dette vart følgd opp av ei særnemnd i fylkestinget, leia av formannen i tinget og ordførar i Aurland Olav Sævartveit. Nemnda skreiv at "man er overbevist om, at den dag ikke er fjern , da amtet som saadant betraktet faar bruk for elektrisk kraft til drift av sine skibe m.m."

Det vart utbygging i Ålfoten,  men som dessverre påførte fylket og kommunane store tap. Uansett; tanken om ektrifisering av båtdrift var oppe. No er det ein realitet.

 

Noralv Distad
Ordførar

 

 

 

 

 

 

 

Vision of the Fjords
Vision of the Fjords
E-mobility Flåm
E-mobility Flåm
Flåmsbana
Flåmsbana
Fylkesmann Christensen
Fylkesmann Christensen
Ordførar Sævartveit
Ordførar Sævartveit

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00

Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland