Johannes Vinjum

Johannes Vinjum (1930-1991) blei fødd i Aurland. Tross for svak helse, og kanskje på grunn av svak helse, byrja han som 19-åring på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo. I dei tre år han studerte her, blei det lagd merke til talentet hans. Teiknelærar Carl Von Hanno kalla han ”den største naturbegavelse som har levd”

I 1954 debuterte han med stor suksess på Statens Høstutstilling, men den eigentlege debuten fann ikkje stad før 24 år seinare med målarutstilling i Kunstnarforbundet og teikningar i Galleri K. I 1984 blei han valt til festspelutstillar i Bergen.

Vinjum budde i Oslo, men var sterkt knytt til Aurland heile livet. Naturen med fjord og fjell går ofte att i bileta hans. På utanlands-reisene sine blei han spesielt fenga av Chartreskatedralen. Ofte markerte han det overveldande i eit fjell eller ein katedral med ein liten menneskefigur.

Kunsten til Vinjum var i nokon grad inspirert av impresjonismen, som han kombinerte med ein heil personleg malemåte.

I 2020 hadde Johannes Vinjum fylt 90 år. Etter pandemien braut ut har styret måtte utsette utdelinga av stipendiat, men i 2023 er det klart for ei ny utlysing av kunstnarstipendet.

Johs. Vinjum minnelegat

Då Vinjum døydde i 1991, fekk Aurland kommune ei kunstgåve, som består av om lag 120 bilete, skisser og personlege eigendelar som har tilhøyrt Johannes Vinjum. Denne utstillinga er på Vinjum Galleriet i det gamle Heradshuset på Aurlandsvangen.

Johs. Vinjum minnelegat er oppretta av Aurland kommune og har ein grunnkapital på kr. 500. 000,-. Legatet sitt føremål er ved stipend å innby kunstnarar innanfor visuell kunst til bu- og arbeidsopphald i Aurland. Som motyting skal stipendmottakar leggja att eitt kunstarbeid som skal tilfalla Aurland kommune og brukast slik legatstyret bestemmer.

Vedtekter for Johs. Vinjum minnelegat finn du på www.aurland.kommune.no

Reglement for Johannes Vinjum kunstnarstipend 2023

  • Deltaking er open for kunstnarar innan bilde - og fotokunst.
  • Stipendet består av ein pengesum på kr. 30.000,-
  • I tillegg mottek vinnaren opphald i Aurland ei helg i samband med tildelinga
  • Reiseutgifter for stipendmottakar blir dekt til ein sum på maks. kr. 3000,-
  • Stipendmottakar får moglegheit til å stille ut ved gjestegalleriet Galleri Vinjum/ Heradshuset. Anten utstilling eller salsutstilling.

Stipendmottakar forpliktar seg til:

  • opphald i Aurland kommune helga då stipendet vert utdelt
  • å leggja att eitt kunstverk inspirert av Johannes Vinjum, som skal tilfalla Aurland kommune og brukast slik legatstyret bestemmer.
  • Det er ei føremon at vinnaren av kunstlegatet gjer seg kjent med kunstnaren Johannes Vinjum og hans kunstverk

På kva måte deltek du?

Send ein elektronisk søknad til post@aurland.kommune.no med tittel Søknad Johannes Vinjum kunstnarstipend 2023”

Søknaden skal bestå av:

  • Søknadsbrev med motivasjon for søknaden
  • Personleg informasjon og CV
  • Maksimal 10 bilete av eiget verk i PDF format

Aurland kommune returnerer ikkje dei innsendte søknadane/ PDF-bilete. Aurland kommune skal ikkje bruke det tilsendte materiellet i kommersiell forstand eller i utstillingar. Dette gjeld ikkje stipendmotakaren.

SØKNADSFRIST: 01. juni 2023

Tildelingsprosess

  • Stipendjuryen (4 personar) består av legatstyret, tenesteleiar for kultur i Aurland kommune og eit fagjurymedlem valt av styret i samarbeid med fagmiljøet.
  • Jurymedlem rangerar søknadar kvar for seg og møtast i eit jurymøte i juni 2023
  • Når juryen har kome til ein konklusjon blir resultatet kunngjort i august 2023, og det blir gjort avtalar om utdeling av stipend, opphald i Aurland, utstilling, m.m. med stipendmottakaren