Sekretariatsbygget er ueigna som undervisingslokale over lengre tid, fordi radonmålingane overgår gjeldande forskrifter på dette punktet. God ventilasjon reduserer radonnivået, men i sekretariatsbygget kan  det berre luftast ut på gamlemåten, og på vinterstid kan det bli kaldt. Som skuleeigar kan ikkje kommunen oversjå at målingane i sekretariatsbygget er for høge, og rådmannen tilrår difor at elevane får undervisinga si i hovudbygget.

Trongt om plassen
Det er grunn til å  presisera at den same forskrifta som set grenser for radonnivået, set krav til heile læringsmiljøet til elevane, og her vil skulen støyte på utfordringar som m.a. går på dei arealkrava som gjeld for undervisningsrom. Informasjon som kom fram på eit møte mellom foreldra i dei aktuelle klassane, skule- og kommuneleiinga, fortel at det vil bli trongt om plassen inne i den delen av hovudbygget der barnesteget held til viss resultatet blir at elevane flyttar inn igjen der, og at dei på kort sikt må bruke fellesareala til klasserom.

Ro og stabilitet
Leiinga på dei to skulane vil no, saman med lærarane sine, bruka tid på å vurdera på kva måte dei kan få til ei best muleg løysing for alle partar, noko som ikkje minst omfattar dei elevane som held til på ABU til vanleg. Det som er viktig no, er å få til noko som gir ro og stabilitet. Rådmannen har kome med ei tilråding, og no er det dei pedagogiske utfordringane som må løysast, og dette overlet rådmannen til skulane sjølve å vurdera, i trygg visse om at det dei kjem fram til, er det beste for elevane slik situasjonen no ein gong er. 

Flåmselevane skal heim att
Den organiseringa av undervisninga som ein no kjem fram til, vil uansett vera ei mellombels løysing, då elevane ved Flåm skule skal heim til sin eigen skule når denne opnar att. Når det kan skje, er dessverre framleis uvisst, noko som legg endå meir stein til ei bør som alt no er tung å bera for mange, både små og store.

Dei siste meldingane om tidsaspektet, fortel at det slett ikkje er sikkert at skulen i Flåm kan opna igjen til skuleåret 2015-16. Då har skulane og kommunen brått ein situasjon som krev ei meir langsiktig løysing enn det me no får til på kort sikt.