Leiar i grunneigarlaget i Hol kommune, Karsten Fossly, overrekte tre reinsdyrkort med gullkortstatus i Hol og Aurland – på kalv, simle og bukk, til Aurland brannvern ved Terje Terum, Reinhardt Sørensen og Arvid Gilje.

Leiaren for grunneigarlaget i Hol kommune har følgt hendinga i media, og beundra innsatsen til brannmannskapa  - korleis dei sette eiga sikkerheit til side for å redda liv har rørt meg, seier Karsten Fossly, og han ville gjere noko særskilt for mannskapet i Aurland. Etter litt grubling og organisering, kom han opp med ein ide som bokstavleg tala vart treffsikker – både symbolsk og konkret.

Aurland brannvern står fritt i korleis dei ønskjer å nytte gåva. Brannsjef Arvid Gilje vil overlate den avgjerda til mannskapet. Brannsjefen, leiar for røykdykkarane, Reinhardt Sørensen og røykdykkar/brannmann Terje Terum, sette stor pris på gåva og omtanken.

Aurland brannvern gjorde ein heltemodig innsats under brannen i Gudvangatunnelen måndag 5. august. Brannen og redningsaksjonen har fått stor merksemd både lokalt og nasjonalt. Tryggleik i tunnelar har på ny kome i fokus, langt ut over kommunegrensa. Og det med utgangspunkt i ei hending som kunne ha fått eit anna utfall enn det ho fekk, takka vera mannskapa på plassen.