Skal gi råd og rettleiing når kreften rammar

Linda Mannes og Gerd Stave er begge ressurssjukepleiarar innanfor kreftomsorga, og har begge øyremerka delar av arbeidstida si for å kunne bistå kreftsjuke og deira pårørande.

Ressurssjukepleiar Gerd Stave og Linda Mannes I midten Grethe S. Iversen Foto Arne Veum

- Den lokale kreftomsorga er eit lågterkseltilbod, seier Linda Mannes. Ho er oppteken av å understreke nettopp dette. - Det er nok at du bur i Aurland kommune. Treng du bistand frå oss er det berre å ta kontakt. Kreftomsorga er eit tilbod til alle som vert ramma eller berørt av sjukdomen, og det overordna målet med denne tenesta er å gi den kreftsjuke og familien eit godt pleie- og omsorgstilbod, seier Mannes. 

Bilete: Linda Mannes (t.h) og Gerd Stave (t.v) er begge ressurssjukepleiarar i kreftomsorga og kan bistå alle som har behov eller ønskje om det med både råd og praktisk bistad. – Deler av stillingane våre er avsett til dette føremålet, og tenesta er eit lågterskeltilbod mynta på alle som vert ramme eller berørt av kreftsjukdom, seier dei to sjukepleiarane. I midten står Grethe S. Iversen som nyleg heldt kurs for alle fagutdanna innafor pleie- og omsorg. Kurset hadde også deltaking frå Lærdal kommune og sjukehuset. Kurset var LCP ( Liverpool Care Pathway). Det er ein tiltaksplan som skal kvalitetssikre at den døyande og deira pårørande blir godt ivaretekne. Ikkje noko lysteleg tema, men like fullt viktig kunnskap å inneha for tilsette i pleie og omsorgstenesta. 

Gerd Stave og Linda Mannes Foto Arne Veum

Nettverk
Sidan 2007 har ho arbeidd i team med Gerd Stave innan kreftomsorg. Stave hadde då litt fartstid som ressurssjukepleiar i faget. Dei to utgjer eit godt lokalt team som i sum har fått høve til å vie inntil 20% av sjukepleiararstillingane sine til kreftomsorg. – Dersom det er situasjonar som gjer det naudsynt får me også frigjort ekstra tid, seier Mannes.

Saman med Gerd Stave er ho medlem av eit fylkesomfattande nettverk av ressurssjukepleiarar som alle jobbar med kreft som fag. Nettverket, sett saman 90 sjukepleiarar, samlast med jamne mellomrom for å drøfte tema og for dra vekslar på kvarandre sin kunnskap.

Medan Linda har teke vidareutdanning i kreftsjukepleie, har Gerd teke retninga innan lindrande behandling. Saman er dei ein lokal ressurs for den eller dei som ønskjer det.

Yte bistand
Å arbeide med kreft kan høyrast ut som både utfordrande og trist. Linda Mannes ser ikkje slik på det. – Det kan vere tøft men det gir også mykje. Kreft er ein alvorleg sjukdom, men no er det også mykje god behandling mot sjukdomen. I dag overlever mange ein kreftsjukdom. - Kva er ein ressurssjukepleiar i kreftomsorga si hovudoppgåve? – Det er mykje me kan bistå med. Svare på faglege spørsmål, informere om kva tilbod som finst, gi råd, rettleiing og bidra med tilrettelegging av hjelp heime eller på institusjon. Det er viktig å seie at ressurssjukepleiarane også kan vere til hjelp for pårørande, ikkje berre for den sjuke. Me kan vere eit bindeledd mellom den sjuke og dei pårørarnde, mot hjelpeapparat og helsevesenet, seier Mannes, og legg til at ressurssjukepleiarane samarbeidar med legar, fysioterapeut, ergoterapeut, Nav, helsesyster og prestekontor i kommunen. – Målet for arbeidet vårt er enkelt fortalt at den som vert sjuk og deira pårørande skal bli ivaretekne på ein god måte.

Låg terskel
Som tidlegare nemnt, den lokale kreftomsorga er eit lågterskeltilbod. Alle som vert ramma eller berørt av kreft kan ta kontakt. – Det er nok at ein bur i Aurland kommune. Det er heller ikkje slik at ein treng å vere så sjuk for å nytte dette tilbodet. Det kan unansett vere viktig å få meir kunnskap om ulike sider ved sjukdomen og praktisk informasjon om kva rettar og moglegheiter ein har mot det offentlege og andre instansar, seier Mannes, som fortel at det kan vere stor skilnad på den einskilde når kreften rammar. – Folk er ulike. Nokre aksepterer snøgt diagnosen og bestemmer seg for å ta opp kampen. Andre kan trenge meir tid, men felles for alle er eit ønskje om mest mogleg relevant innformasjon og kunnskap om sjukdomen, og her kan me bidra. Me ønskjer å gjere dette tilbodet kjent, og dei som har trong for det skal ikkje vere redde for å ta kontakt med oss, seier Linda Mannes. 

Tekst og foto ved Arne Veum i Aurlendingen. Artikkelen er henta frå marsutgåva av Aurlendingen, og er publisert etter avtale med Arne Veum.

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland