Flåm skule

Tenesteleiar: Astrid Hassel 
Telefon: 57 63 21 60
Mobil: 95 98 46 50
E-post: Astrid Hassel

Flåm skule er ein 1-7 skule som ligg i Flåm. Hausten 2005 stod skulen ferdig ombygt og påbygt, og har no lyse, trivelege klasserom og eit flott uteområde. Skulen har SFO.

Elevane kjem frå Gudvangen, Undredal og Flåm.
Digital kompetanse, eit trygt og positivt skulemiljø og eit prøveprosjekt med fastlagt studietid på timeplanen er overordna utviklingstiltak ved Flåm skule.

Skulen er og teaterskulen. Kvart andre år er heile skulen med på oppsetjing av teater.
 

Avtalar ved Rådhuset

Vi vil oppmode alle om å bestille timeavtale med sakshandsamar før ein kjem innom Rådhuset. Då får sakshandsamaren betre tid til å bu seg for samtalen noko som sikrar rask og kvalitetssikra assistanse. Ein slepp òg å måtte reise heim med uforretta sak dersom ein sakshandsamar ikkje er tilgjengeleg.