Barnevern

Aurland har felles barnevernteneste med Lærdal kommune.
 
Telefon Aurland:57 63 20 24 
Telefon Lærdal:57 64 12 00

Barneverntenesta skal sikre barn og barnefamiliar rett hjelp til rett tid. Vidare skal tenesta bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår.

Barneverntenesta samarbeider med andre deler av det offentlege hjelpeapparatet.
Tenesta vert gjeve til barn frå 0 – 18 år. I spesielle tilfelle, der ungdomen sjølv ynskjer det, kan tiltak vare fram til 23 år.
 
 
Arbeidsområde:
Førebyggjande arbeid
Råd og rettleiing
Hjelpetiltak
Omsorgstiltak
Barnevernvakt

 

Avtalar ved Rådhuset

Vi vil oppmode alle om å bestille timeavtale med sakshandsamar før ein kjem innom Rådhuset. Då får sakshandsamaren betre tid til å bu seg for samtalen noko som sikrar rask og kvalitetssikra assistanse. Ein slepp òg å måtte reise heim med uforretta sak dersom ein sakshandsamar ikkje er tilgjengeleg.