Pleie og omsorg

Leiar: Kari Voldum
Telefon: 57 63 18 60
E-post: 
Kari Voldum

Tenesteeininga pleie og omsorg sitt ansvarsområde omfattar deler av kommunen sitt arbeid etter lov om helsetenesta i kommunane, lov om sosiale tenester og kommunalt fatta vedtak på området.

Pleie og omsorgstenestene si grunnleggande målsetjing er ei helse- og omsorgsteneste som i utgangspunktet blir gitt i eigen heim. Tenesta skal ha tillit i befolkninga, og innbyggjarane skal vere trygge for at hjelpa er der når den trengst. Høgare omsorgsnivå, som plass i sjukeheim, skal vere tilgjengeleg den dagen det er nødvendig for brukar og for pårørande sin situasjon.

Pleie og omsorg omfattar:
Heimebaserte tenester: Heimesjukepleie, praktisk bistand, tryggheitsalarm, matombringing,  aldersbustader, omsorgsbustader og bufellesskap.
  

Aurland helsetun: Sjukeheimsavdeling, rehab/korttidsavdeling og skjerma eining for demente. 
 

Pleie og omsorg har følgjande service- og støttefunksjonar:

  • Merkantilt støtteapparat
  • Aktivitetsfunksjon med aktivitetsansvarleg og miljøarbeidar
  • Kjøkken
  • Vaktmeisterteneste for heimebuande

 

Kontakinformasjon

Telefon: 57 63 18 50 / 58
Telefaks: 57 63 18 51

E-post:
post@aurland.kommune.no

Besøksadresse:
Skjerdaldvegen 31

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland


Organisasjonsnummer: 964968063