Områdeplan for Flåm – utlegging til 2.gongshøyring og offentleg ettersyn
Kommunestyret vedtok i møte 15.desember å legge områdeplanen for Flåm ut på høyring og offentleg ettersyn for andre gong. Høyringsfristen er 9.februar 2023.
Kommunestyret vedtok i møte 15.desember å legge områdeplanen for Flåm ut på høyring og offentleg ettersyn for andre gong. Høyringsfristen er 9.februar 2023.
I løpet av dei neste vekene vil det bli gjennomført prøveboring på fleire stader i Flåm. Dette vert gjort i samband med det pågåande arbeidet med områdeplanen for Flåm for å avklare om det finst kvikkleire i grunnen.
Aurland kommune har starta arbeidet med ny arealdel til kommuneplanen for Aurland kommune 2024-2034. I første omgang vert planprogrammet - planen for planen, sendt ut på høyring og offentleg ettersyn.
I Aurland kommune er Aurlandsdalen, Flåmsdalen og verdsarvområdet foreslått som Kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse (KULA-område). KULA er eit register utarbeida av Riksantikvaren og skal vere eit kunnskapsgrunnlag som kommunen må ta omsyn til i planlegginga. Riksantikvaren har sendt ut ein rapport som ligg på høyring fram til 18.november og det er mogleg for alle å sende innspel til denne rapporten.
Samfunnsdelen til kommuneplanen er lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i perioden 27.juni til 5.september 2022. Her finn du samfunnsdelen med tilhøyrande høyringsdokument.
Det må framleis gjerast noko arbeid med områdeplanen for Flåm knytt til det ustabile fjellpartiet Stiksmoen og andre motsegn. Kommunen jobbar mot å få på plass eit nytt høyringsforslag til august.
Aurland kommune har motteke ei oversending frå NVE som inneheld informasjon om fare- og risikoklassifisering, flodbølgemodellering og faresoner frå fjellpartiet Stiksmoen. Oversendinga frå NVE inneheld utgreiingar frå Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) og Norges Geologiske Institutt (NGI).
Namnenemnd i Aurland kommune har i møte 04. februar 2022 behandla 1 sak som skal ut på høyring.
Kommunestyret vedtok i møte 04.11.21 Detaljregulering Flaumløp E16 Hylland, sak 086/21.
Aurland formannskap sitt høyringsframlegg til Økonomiplan 2022-2025/Budsjett 2022 er lagt ut i samsvar med kommunelova §14-3.