Resultat Stortingsvalet 2021 i Aurland

Valdeltakinga var høg i Aurland. Den lå på 82,1%. Klikk under for å sjå reslutatet.

https://www.nrk.no/valg/2021/resultat/geografi/14/4641/

Opningstider for vallokala 12. og 13. september 2021

Søndag 12. september:

Røystekrins

Stad

Røystetid

Vangen krins

Rådhuset

 kl. 12.00 – 18.00

Måndag 13. september:

Røystekrins

Stad

Røystetid

Vangen krins

Rådhuset

 kl. 09.00 – 20.00

Vassbygdi krins

Messa E-Co 

 kl. 10.00 – 19.00

Flåm krins

Flåm skule

 kl. 10.00 – 19.00

Undredal krins

Skulehuset

 kl. 10.00 – 19.00

Skjerping krins

Gamle Gudvangen Hotell  

 kl. 10.00 – 19.00

 

Valkort

Valkortet er ei påminning om at du også har stemmerett. På valkortet står det også kvar du kan stemme valdagen.

I år vert valkortet sendt til di digitale postkasse eller til Altinn. Dersom du har reservert deg mot eller ikkje nyttar digital informasjon frå det offentlege får du valkortet ditt tilsendt på papir.

Ta med deg valkortet når du skal røyste! Det forenklar arbeidet for valfunksjonærane og det går raskare for deg. Har du ikkje motteke valkort, mista eller gløymt det, får du likevel røyste.
NB! Ta med gyldig legitimasjon i tillegg.

Ordinær førehandsrøysting

Den 10. august startar den ordinære førehandsrøystinga. Du kan røyste på førehand heilt fram til og med 10. september. Lokale til førehandsrøystinga er rådhuset, med slike opningstider:
Tysdag 10.august til og med fredag 10.september: 08.00-15.30
Det vert også ope for å førehandsrøyste:
Laurdag 4. september: 10.00 – 15.00
Torsdag 9. september: 08.00 – 20.00

I tillegg vert det høve til å førehandsrøyste på jordbrukskulen og helsetunet med slike opningstider:
Sogn Jord- og hagebruksskule tysdag 7. september frå kl. 08.30 – 10.00
Aurland helsetun onsdag 8. september frå kl. 11.30 – 14.00  

Ambulerande røysting

Veljarar som på grunn av sjukdom eller uføre eller karantene/isolasjon i samband med  covid-19 ikkje har høve til å førehandsrøysta i rådhuset kan søkje valstyret om å få førehandsrøysta i heimen/der dei oppheld seg. Søknaden treng ikkje vere skriftleg.
Du kan ringe 57 63 29 00 for å be om å få røyste heime.  Kontaktpersonar: Beathe Ekhall Stentvedt / Margunn Tolleshaug
Felles frist for å søkje om ambulerande røysting er fredag 10. september kl. 10.00.

 

Veljarar i karantene
Hovudoppfordringa er at ein venter med å røyste til karantenetida er over. Dersom dette ikkje er mogleg kan ein søkje om ambulerande røysting.  Røysting kan da ikkje skje på rådhuset der ein kan komme i kontakt med andre veljarar. Det vert da oppretta ei eigna løysing/røysteplass slik at røysting er mogleg.

 

Veljarar i isolasjon
Veljarar som er i isolasjon vert oppfordra til å røyste når karantenetida er over. Dersom dette ikkje er mogleg kan ein søkje om ambulerande røysting.
Veljarar i isolasjon skal informere om isolasjonsplikten i søknaden slik at kommunen kan planlegge med smittevernutstyr når røystinga skal foregå.

Informasjon om manntal

For å kunne røyste ved stortingsvalet, må du stå oppført i manntalet i ein kommune. 

Tid og stad for utlegging av manntalet i Aurland

Manntalet for heile kommunen vert lagt ut i byrjinga av juli i resepsjonen i rådhuset. Lista vert liggande ute fram til valdagen.

Du kan kontrollere at du står oppført der, enten ved å møte opp eller ved å ringje til sentralbordet på 57 63 29 00. Om du ikkje står i manntalet eller om det er andre feil, kan du klage skriftleg til Aurland valstyre, Vangen 1, 5745 Aurland/ post@aurland.kommune.no

Veljarar busette i Noreg

Alle personar med røysterett blir automatisk førte i manntalet i den kommunen der dei var registrert som busette per 30. juni i 2021. Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 1. juli, er du framleis registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå.

Veljarar busette i utlandet

Dersom du bur i utlandet, men har vore registrert som busett og med røysterett i Noreg i løpet av dei siste ti åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Noreg.

Tidlegrøysting

Du kan røyste frå 1. juli dersom du ikkje har høve til å gjere det i den ordinære perioden for førehandsrøysting, og heller ikkje på valdagen. I perioden 1. juli til og med 9. august må du kontakte kommunen på telefon 57 63 29 00 og avtale tid for å røyste. Røystelokalet er på rådhuset.