Heimebaserte tenester omfattar: Heimesjukepleie, praktisk bistand, tryggheitsalarm, matombringing, aldersbustader, omsorgsbustader og bufellesskap

Tenestene vert tildelt etter søknad, og målsetjinga er å leggje forholda til rette slik at eldre og funksjonshemma skal kunne få bu heime så lenge som dei måtte ønskje det.

Heimesjukepleien: Målgruppa er menneske med akutt eller kronisk funksjonssvikt, sjukdom, funksjonshemming eller til personar som treng omsorg og pleie når livet tek slutt.
Tenesta er gratis.

Heimehjelptenesta er eit tilbod til innbyggjarane som treng hjelp til daglege gjeremål i eigen heim. Dette kan vere oppgåver som reinhald, vask av klede, handling, matlaging osb.

Det kan søkjast om å få tildelt tenester for ein kortare periode under rehabilitering etter sjukdom eller skade.

Andre service- og støttefunksjonar:
Merkantilt støtteapparat
Vaktmeisterteneste

Søknadsskjema – heimebaserte tenester

Søknadsskjema – helse og omsorgstenester

Fullmaktsskjema

Dersom pårørande eller andre hjelper til med søknaden, må du legga ved skriftlig fullmakt.

Det same gjeld dersom andre henvender seg til kommunen på vegne av deg, er det viktig at du fyller ut fullmaktskjema

Informasjon om kommunalt pasient og brukarregister (KPR) og IPLOS

Informasjon om kommunalt pasient og brukarregister (KPR) og IPLOS

Søker du eller mottek helse- og omsorgstenester blir det registrert opplysningar om deg og ditt behov for hjelp. Desse opplysingar er ein del av din journal og er konfidensielle. Berre dei som trong det i sitt arbeid skal ha tilgang til opplysingane, og dei har tausheitsplikt.

IPLOS er lovbestemt helseregister som beskriver ressursar og bistandsbehov til dei som søker om eller mottek kommunale helse og omsorgstenester. Registeret er et sentralt helseregister og er heimla i helseregisterlova .Registrering av kartleggingsdata er ein del av kartlegginga, og kommune har ein plikt til å sende inn opplysingar jf. forskrift om pseudonymt register for individbasert helse – og omsorgsstatistikk § 2-1. og forskrift om kommunalt pasient- og brukerregister (KPR) § 3-1. Opplysningar i IPLOS er pseudonymt dvs. identitet blir ikkje røpt. Det er ikkje påkrevd særskilt samtykke til registrering av IPLOS opplysingar i sakshandsaming, men søker / tenestemottakar kan reservere seg mot at diagnoseopplysingar sendast til IPLOS registreret (Statsforvaltaren: IPLOS rettleiar)

Pleie og omsorgstenester har utredningsplikt jf. forvaltningslova § 17 og IPLOS kartlegging er eit hjelpemiddel for:

  • å syte for at informasjon er gitt og dokumentert
  • kartlegging av livssituasjon og evne til meistring
  • kartlegging av kva som skal til for å dekke hjelpebehovet
  • avklaring for kva som skal vere målsetjing med tenesta
  • å vurderre om vilkår for tenester er oppfylt
  • å syte for betre kvalitet i tenestane

Du kan lese meir om KPR og IPLOS:

Til deg som ønskjer å vite kva som står om deg i IPLOS-registeret

Informasjon om helse og omsorgstenester i Kommunalt pasient- og brukarregister: Frå IPLOS til KPR

Heimebaserte tenester - tenesteerklæring

 

Korleis få tak i heimebaserte tenester
 

Ekspedisjon: Vakttelefon 1: Vakttelefon 2: Avdelingsleiar Kveld/natt
57 63 18 58 95 17 25 07 95 17 25 08 95 98 46 41 95 17 25 07

 

Aurland kommune har eit mål om at alle innbyggjarar i alle aldrar, med særlege hjelpebehov, skal kunne bu i eigen heim så lenge som råd, samstundes som dei føler sosial og helsemessig tryggleik. Dette vil vi nå ved å skape eit samarbeid mellom brukar, pårørande og tenesteytarar som er basert på tiltak og gjensidig respekt.

Hjelpa blir tildelt etter ei helse og sosialfagleg vurdering og i samarbeid med brukaren i kvar enkelt sak.

Tenesta gjeld arbeidsområda:

  • Heimesjukepleie
  • Praktisk bistand og opplæring (heimehjelp)
  • Dagtilbod for heimebuande personar med kognitiv svikt
  • Omsorgsbustadar
  • Velferdsteknologi; tryggleiksalarm, pilli
  • matombringing

 

 

Søknad om tenester

Søknad om tenester skal sendast pr. post til:

Aurland kommune v/ pleie og omsorg

Vangen 1

5745 Aurland

Søknad kan også sendast elektronisk gjennom Aurland kommune sitt nettsida ved bruk av skjema: søknad om helse og omsorgstenester

Dersom en annan person søker på vegne av deg, fyll ut: fullmaktsskjema

Pleie og omsorg motteke søknader om tenester også frå sjukehus og fastlege via elektronisk melding (e-link). Melding blir registert inn i sakshandsamingssystem som søknad om tenester.


Kva kan du vente av heimebaserte tenester

  • alle tilsette har ID – kort
  • du får vedtak på dei tenestene du får tildelt
  • ved endring av tenester vil du bli kontakta pr tlf/brev for endring/evaluering av tenestene. Endringar kan vere ved ferieavvikling/sjukdom der det i ein periode kan bli reduksjon av tenestene. Ved større endringar vert det fatta nytt vedtak.


Kva ventar heimebaserte tenester av deg

  • at du utfører oppgåver du sjølv klare
  • at du er heime når du skal få hjelp
  • at du gir melding so tidleg som muleg, seinast dagen før, dersom:
    • du ikkje er heime
    • du er bortreist når du skal få hjelp
    • du har besøk (ved besøk vert trong for hjelp i heimen vurdert)
  • at det ein treng for reingjering er til stades og i god stand:
    • støvsugar, vaskemaskin, bøtte, golvklut, mopp, moppestativ
  • at du tillet tilpassing av hjelpemiddel i heimen din dersom dette er naudsynt
  • at du respekterer at dei som arbeider ikkje kan ta i mot gåver eller pengar
  • at du respekterer at dei som arbeider har teieplikt
  • at du handsamar utlånte hjelpemiddel varsamt og at dei vert rengjorde jevnleg
  • at vi ikkje gir ekstra reinhald/støvsuging på grunn av husdyr
  • at vi ikkje passar/ tek ansvar for husdyr
  • at tilkomst til bustanden din er tilgjengeleg
  • at du skaffe deg nøkkelboks med kode, eller elektronisk dørlås

 

Praktisk bistand og opplæring (heimehjelp)

Målet med tenesta er både å forbetre og kompensere for nedsett evne til å ivareta dagleglivet sine praktiske gjeremål i heimen, personleg stell, hygiene, tilsyn og aktivisering.

Etter individuell vurdering av ditt behov, kan følgande tenester vera aktuelle:

  • reingjering, vask, golvvask: berre av hovudrom som vert brukt: normal kvar 2. – 4. veke
  • sengeskift: normalt kvar 14.dag eller ved husvask, elles når det er naudsynt av på grunn av urin, avføring eller oppkast
  • klesvask
  • opplæring i dagleglivets gjeremål: opplæring skal betre din evne til å utføre dagliglivets gjeremål og at du skal kunne vera sjølvstendig. Opplæring blir endra og/eller avslutta når det er ikkje lenger hensiktsmessig
  • innkjøp av dagligvarer


Heimebaserte tenester tilbyr ikkje

  • opprydding og oppvask etter gjester, førebuing til besøk
  • middagslaging
  • risting av tepper, stryking av tekstiler
  • hente postpakkar og lignande
  • bære inn ved /brensel
  • opptenning med ved/brensel
  • pynte og rydde til / etter helligdagar
  • innkjøp av varer, kle, og sko
  • avriming av kjølesskap og fryseskap
  • reingjering etter handverkarar
  • vask av vindauge
  • skifte av gardiner
  • støvtørking
  • nedvask, pussing av sølv, kopar eller messing
  • reingjering etter flytting
  • reingjering etter andre medlemmar av husstaden


Heimesjukepleie

Heimesjukepleie kan hjelpe deg som har eit særleg behov for helsehjelp, slik at du kan bu i eigen heim lengst mogleg. Tenestene gis når det er medisinsk forsvarleg å gi hjelp utanfor sjukehus eller sjukeheim. Tenesta er helsefremjande og førebyggande, det er viktig at tenestemottakar medvirkar og er involvert. Tenesta er gratis.

Etter individuell vurdering av ditt behov, kan følgande tenester vera aktuelle:

  • tilsyn, råd og rettleiing for å meistre og oppretthalde ferdigheter til å ivareta eigen helse
  • gjenopptrening og vedlikehald av ferdigheter
  • sårbehandling, blodprøvetaking, fjerning av sting, setting av vitamingsprøyter og vaksinering utføres berre dersom du ikkje kan oppsøke legekontoret
  • hjelp til personleg hygiene: tilrettelagt hjelp daglig: stå opp og legga deg, av og påkledning, tannpuss morgon og kveld, barbering, toalettbesøk, bleieskift ved behov. Dusj inkludert hårvask gir normalt en gang pr. veke.
  • hjelp til administrering av medikamenter av heimesjukepleien eller multidoser via apotek dersom du ikkje kan administrere medisinar på eiga hand
  • førebyggande tilsyn
  • hjelp til alvorlig sjuke og døyande, smertebehandling
  • hjelpemiddel tilpassing i samarbeid med fysioterapeut / ergoterapeut
  • ernæring: kartlegging og vurdering
  • generell oppfølging og helsefagleg observasjon, vurdering av behov for lege, oppfølging etter legebesøk og etter sjukehusinnleggelse
     

Kvardagsrehabilitering (søkbar teneste frå juni 2021)

Kvardagsrehabilitering er ei tidsavgrensa teneste, der opptrening i daglege gjeremål skjer heime hjå deg. Saman med deg, vil me finne ut kva du tykkjer det er viktig å meistre i kvardagen.

Treningsinnsatsen er intensiv i byrjinga, og blir trappa ned i takt med at du når dei måla du har sett deg.

Aurland kommune tilbyr kvardagsrehabilitering til heimebuande, særleg eldre, som har hatt eit funksjonsfall. Funksjonsfallet kan ha ført til utfordringar med å gjennomføre kvardagslege aktivitetar.

Det er ein føresetnad at du

  • Ynskjer å vere aktiv og bu heime
  • Er motivert for å klare deg sjølv
  • Har ny oppståtte utfordringar knytt til utføring av daglegdagse gjeremål

Eksempel på aktivitetar vi kan trene på:

  • Hente posten
  • Gå i trapper
  • Meistre personleg hygiene
  • Tillaging av måltid
  • Gjere husarbeid

Søknad om kvardagsrehabilitering

 

Velferdsteknologi:

Noko av hjelpa kan bli utført ved hjelp av velferdsteknologiske løysingar, til dømes tryggleiksalarm og pilli. Det er fleire type teknologiar som er under vurdering og utprøving, som kommunen etter kvart skal kunne tilby.

Tryggleiksalarm er eit lågterskeltilbud. Dersom du er utrygg, har lett for å ramle og liknande kan du søke på dette tilbudet.

Du betalar då ein sum kvar månad for leige av tryggleiksalarm Eigenbetaling 2021.

Pilli er ein medisindispensar som minne deg på å ta medisin til rett tid. Dette er ei teneste som blir tildelt av heimesjukepleien, og er eit hjelpemidel der du kan klare deg heime utan at heimebaserte tenester kjem innom til faste tider av døgnet. Dette er gratis.


Dagtilbod for heimebuande personar med kognitiv svikt
Heimebuande personar med kognitiv svikt, til dømes demenssjukdom kan få tilbod om dagtilbod.

  • inntil 3 dagar pr veke
    • måndag, onsdag og torsdag

Kva kan du forvente av oss

  • Du blir henta mellom kl.09.00-10.00 og køyrt heim kl 14.30.
  • På dagsenteret er det aktivitetar etter årstida Det er aktivitetar både inne og ute. Det er det sosiale i aktivitet det vert lagt vekt på.
  • Det vert servert frukost til dei som ynskjer det, kaffi og middag før ein vert køyrt heim

Kva forventer vi av deg

  • At du / pårørande gir beskjed dersom du av ein eller anna årsak ikkje kan nytta deg av tilbodet

I tilbodet er servering av frukost, kaffi, middag og transport til/frå innkludert i prisen.


Matombringing

Matombringing er eit tilbod for heimebuande som har problem med å lage middag til seg sjølv eller har behov for betydeleg hjelp for å tilberede mat. Behov blir vurdert ut i frå ernæringsstatus og heilheitsvurdering.Tenesta skal syte for eit variert og samansett kosthold.

Middagstilbod gis inntil 7 dager pr. veke.

 

Eigenandel mat ombringing 2021. Eigenandel blir justert årlig av kommunestyret.

 

Kva kan du vente av mat ombringing

  • Maten har god ernæringsmessig kvalitet
  • Middag består av middag og dessert/suppe.
  • Middag blir køyrt ut til deg

Kva forventer vi av deg

  • du må opplyse om diett
  • at du kontaktar heimebaserte tenester tidlegast mulig dersom middag skal avbestillast.
  • middag som ikkje blir avbestilt innan kl:14:00 dagen før levering, blir levert og fakturert

Tenesta er ikkje lovpålagt. Tenesta tilbys som eit supplement til dei lovpålagde tenestene.

 

 

Omsorgsbustad
Ein omsorgsbustad er bebuaren sin eigen heim, som ein leiger. Ved innflytting i bustad må ein leigekontrakt underteiknast. Omsorgsbustad er ein bustad som er lagt til rette for personar med orienterings- og rørsle hemming. Bustaden er tilrettelagt slik at bebuaren skal kunne ta i mot omsorg og pleie. Dei som bur i omsorgsbustad må på same måte som andre heimebuande betale for tenestene frå heimebasert tenester.

 

Vurdering

  • Det vil bli vurdert om du framleis kan bu i eigen bustad ved at det leggjast til rette med eventuelle hjelpemidlar eller andre egna tiltak.
  • Andre tenester skal vera prøvd ut, til dømes praktisk bistand og helsehjelp i heimen
  • Den som søkjar skal ha eit behov for pleie og omsorgstenester

Omsorgsbustad er ikkje ein lovpålagt teneste.

 

Kostnad

Leigetakar skriv kontrakt me Aurland kommune og betaler fastsett husleige som årleg blir justert i tråd med husleigelova og vedtak i kommunestyret. Leiligheitene er umøblerte. Ved utflytting skal leigetakar vaske ned bustaden. 



IPLOS

Kva er IPLOS? Nokon av opplysningane som kommunen ber deg om, blir registrert etter ein eigen standard og sendt til eit sentralt register som blir kalla IPLOS. Her blir opplysningar om søkjarar og mottakarar av pleie- og omsorgstenester oppbevart. Registeret skal brukast til statistikk og forskning. Du har rett til å få vite kva opplysningar som er registrert om deg. Hvis det er feil i opplysningane, har du rett til å kreve at dei blir retta opp. Din kontaktperson i heimebasert omsorg kan gi deg meir informasjon om IPLOS.

Teieplikt

Alle som arbeider innanfor heimebaserte tenester har teieplikt. Det vil seie at vi ikkje kan gi opplysningar om dine personlege tilhøve til utanforståande.

Klage

Dersom tenestemottakar klager på enkelt vedtak eller ei avgjerd gjort av pleie og omsorg,

Klage sendast til:

Aurland kommune v/ pleie og omsorg

Vangen 1

5745 Aurland

Jf. Pasient og brukerrettighetslova § 7-2 «Klagen sendast til den som har truffet enkeltvedtaket eller avgjerd. Når det gjeld vedtak om helsehjelp etter § 4A-5 kan det påklagast til Statsforvaltaren av pasient eller nærmaste pårørande, jf. Pasient og brukarrettighetslova § 4A-7.


Formkrav

  • Ein klage skal vera skriftleg, og undertegna av tenestemottakar eller fullmektig
    • Klagen skal også innehalde namn, adresse, telefon. Dersom tenestemottakar klager, bør han/ho skrive inn fødselsnummeret sitt.
  • Klagefrist er 4 veker etter at tenestemottakar/ fullmektig fikk eller burde ha fått tilstrekkeleg kunnskap om å fremja klage jf.pasient og brukarrettighetslova § 7-2
  • Det er ikkje tilstrekkeleg at tenestemottakar eller pårørande gir uttrykk for misnøyde, til dømes at dei meiner noko er feil.
  • Klagen skal innhalde forhold det klagast på, og innehalde opplysningar som kan ha betydning for behandling av klage
    • Kva du meiner er feil med avgjerd, kvifor du meiner det er feil og kva du vil ha endra ved avgjerd du klagar på
  • Dersom kommunen gir medhald skal det fattes nytt vedtak
  • Dersom kommunen ikkje gir medhald: avvisning er et enkeltvedtak og den kan påklagast vidare til statsforvaltaren.