I samband med arbeidet med samfunnsdelen arrangerer Aurland kommune fleire temamøte om lokalsamfunn og næring i februar. Her får du informasjon om tidspunkt og påmeldingsfrist.
Aurland kommune har starta arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen. Samfunnsdelen styrer samfunnsutviklinga til kommunen dei neste tolv åra og derfor ønskjer me at så mange som mogleg bidrar i planprosessen. Her kjem informasjon om korleis du kan bidra.
Bur du i Aurland kommune? I dei næmaste vekene kan du bli oppringt av Sentio Research Group. Sentio ringer frå eit telefonnummer i serien 61409150-6140959 eller 74605730.
I planprogrammet er det skildra korleis arbeidet med samfunnsdelen skal organiserast, opplegg for medverknad, kva som skal vere hovudtema i samfunnsdelen og behovet for utgreiingar. Planprogrammet ligg ute på høyring fram til 18.januar.