Skatt

Skatteoppkrevjarfunksjonen i Aurland
Aurland kommune samarbeidar med Lærdal og Vik om felles skatteoppkrevjarfunksjon.

Funksjonen er lokalisert til rådhuset i Lærdal

Skatteoppkrevjar Lærdal kommune

Tlf. Lærdal kommune 57 64 12 00

Besøksadresse:
Lærdal rådhus

Postadresse:
Lærdal, Aurland og Vik skatteoppkrevjarkontor
Postboks 83
6886 LÆRDAL

Dersom ein treng skjema eller ønskjer hjelp til utfylling av skjema eller liknande kan ein framleis ta kontakt med økonomikontoret i Aurland kommune, men for andre spørsmål i samband med skatteoppkrevjarfunksjonen skal ein ta kontakt med kontoret i Lærdal.

Avtalar ved Rådhuset

Vi vil oppmode alle om å bestille timeavtale med sakshandsamar før ein kjem innom Rådhuset. Då får sakshandsamaren betre tid til å bu seg for samtalen noko som sikrar rask og kvalitetssikra assistanse. Ein slepp òg å måtte reise heim med uforretta sak dersom ein sakshandsamar ikkje er tilgjengeleg.